Regnboge-bru over Likholefossen

Over Likholefossen på Gaularfjellet kjem gangbrua som skal konkurrere med regnbogen og gje deg kjensla over å stå midt i fossesuget.

Publisert 03.11.2004 kl 09:03 Oppdatert 03.11.2004 kl 09:11

Tips ein venn på e-post:

...

Statens vegvesen er i gang med det første av i alt 17 prosjekt som skal løfte fram Moskog-Dragsvik som nasjonal turistveg.

I haust har Mesta bygt fundamenta, Førde Mekaniske industri er i gang med å sveise i hop konstruksjonen og i løpet av november skal helikopter løfte på plass det som skal bli ei uvanleg bru over Likholefossen på Hov.

Spenstig

-Eit spenstig prosjekt. Vi trur dette blir ein turistattraksjon i seg sjølv. Folk skal få ei kjensle av å stå mitt i fossesuget. Likholefossen er ein flott og mektig foss med til tider stor vassføring, seier byggjeleiar Jon Harald Huseklepp.

Prosjektleiar Bjørn Andresen fortel at brua er dregen så langt fram mot fossen som mogeleg.

-Vi trur det blir ei spennande oppleving å stå heilt ute på kanten over dei brusande vassmassane. Byggverket er litt spesielt, så vi er litt spente på korleis det blir teke imot, seier Andresen.

Flimmer av lys

Brua som får ei lengde på 24 meter, pluss rampar på åtte meter på kvar side, er teikna av arkitekt Arild Wåge i Norplan. Ein luftig konstruksjon av armeringsmatter påmonterte tynne spiler skal gje brua ein tøff og svevande karakter.

«Eit flimmer av lys, refleks, speilingar og samtalar med elva - utført i rustfritt stål», heiter det i prosjektomtalen.

Regnboge-brua vil også gje tilkomst til Fossestien og eit fint turområde på andre sida av elva. Neste år blir det bygt parkeringsplass ved turistvegen med gangveg bort til brua. Ho er åleine kostnadsrekna til 1,8 millionar kroner.

35 millionar

Likholefossen er den første av i alt 17 tiltakspunkt på den nasjonale turistvegen. Totalt er det snakk om investeringar på rundt 35 millionar kroner i reine turistvegmidlar. To av dei største tiltaka er rasteplassar på Rørvikfjellet og ved butikken i Vetlefjorden.

-Dei nærmaste to-tre åra vil det skje mykje, men dei tyngste tiltaka vil vi måtte fordele over tid, seier prosjektleiar Bjørn Andresen.

-I 2005 blir det stort sett å gjere ferdig anlegget ved Likholefossen. I tillegg har vi tenkt å byggje ut ein parkeringsplass ved stien til Torsnesstølen på Gaularfjellet.

- Dette er også startpunktet for Fossestien og utgangspunkt for turgåing i ulike retningar, seier Andresen.

-

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.