Vil drive bibliotek på dugnad

Bygdefolket i Bygstad byrjar å kjenne saknet etter folkebiblioteket som vart lagt ned i sommar. Dei meiner boktilbodet i bygda er blitt for dårleg. No håpar ungdomslaget at biblioteket kan bli starta opp att på dugnad

Publisert 05.10.2004 kl 14:58 Oppdatert 05.10.2004 kl 14:58

Tips ein venn på e-post:

...

-Det blir halde eit møte den 21.oktober mellom organisasjonane i Bygstad og skule- kulturutvalet i Gaular kommune. Håpet er å få til eit privatdrive bibliotek, seier studieleiar i Ungdomslaget, Lillian Kårstad.

-Mange nytta biblioteket

Kommunestyret i Gaular vedtok 1.juli i år å leggje ned biblioteket i Bygstad samfunnshus.

Etter vedtaket blei bøkene flytta frå lokala i Bygstad.

-Vips, så var bøkene vekke. Dei har vedteke å leggje ned biblioteket før, men då har vi fått dei til å snu. Det fekk vi ikkje sjansen til denne gongen.

Kårstad arbeider til dagleg som lærar ved Bygstad skule, og merkar tomrommet etter det offentlege bibliotektilbodet blei lagt ned.

-Biblioteket er heilt klart sakna. Både eldre og familiar med born nytta seg av tilbodet. Det same gjorde skulen og barnehagen.

Internett blir redninga

Etter biblioteket vart lagt ned, er det berre skulebiblioteket att i Bygstad, men det har ifølgje Kårstad sine avgrensingar.

-Vi har bruk for eit bibliotek der ein kan få lånt inn bøker, til dømes faglitteratur. Vi har ikkje økonomi til å sende elevane til biblioteka på Sande eller i Førde.

Dermed må elevane nøye seg med internett og dei bøkene skulen har.

-Vi er heldige som har breiband på skulen, men vi har jo få datamaskiner, seier Kårstad oppgitt.

Vil kopiere Kyrkjebø

Kårstad ser føre seg eit privat bibliotek der ein får tilgang til delar av boksamlinga som var i det tidlegare biblioteket i bygda.

Der håpar vi leiar for utvalet, Per Kjelstad, og bibliotekar Svanhild Oppedal vil møte, seier Lillian Kårstad.

-No må vi sondere terrenget. Dersom vi skal drive eit bibliotek må vi få bøkene tilbake, katalogisere dei, og ha midlar til nye bøker. Vi får ikkje tilgang på fjernlån-tenesta til dei offentlege biblioteka dersom vi driv privat. Difor hadde det vore ønskeleg å få til eit samarbeid liknande det lag og organisasjonar på Kyrkjebø har hatt med Høyanger kommune, der har ein fått låne bøker frå folkebiblioteket. Men det blir etterkvart mykje dugnad på folk her i bygda, fryktar Kårstad.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.