Førdianar med to 1.plassar i lydigheit

Roger Fløholm og hundane hans Sue Siska (13 mnd) og Shiba (3,5) tok godt for seg av premiebordet under lydigheitsstemnet i Ørsta i helga.

Publisert 01.09.2004 kl 08:15 Oppdatert 01.09.2004 kl 08:19

Tips ein venn på e-post:

...
SER OPP OG FRAM: Desse to plasseringane gir kjempemotivasjon til å satse vidare, seier Roger Fløholm. Hundane Siska til høgre og Shiba til venstre. Foto: Privat

-Denne konkurransen var ein kjempemotivasjon for meg, seier Fløholm.

Med sine to Berner sennen-hundar var han einaste deltakar frå Førde Brukshundklubb.

Andre konkurranse

Yngstehunden Sue Siska deltok for andre gong i lydigheitskonkurranse og vann klasse 1. Ho kvalifiserte seg dermed til opprykk i klasse 2 med 187 av 200 oppnåelege poeng.

-Det mest overraskande var resultatet til Siska. Ho er enno veldig ung og virrete. Dessutan har eg prøvd ut ein litt anna måte å trene ho på enn eg har gjort med Shiba, noko som har vist seg å vere rette måten for ho, seier Fløholm.

Snart oppe i elite

Shiba har frå før bak seg mange sigrar både i klasse 1, 2 og 3, og ligg heilt i grenseland til opprykk til elite.

-Vi mangla berre nokre få poeng på å rykkje opp denne gongen, seier Fløholm, som ser fram til neste stemne som vert på heimebane 19. september. Då arrangerer Førde Brukshundklubb sin store lydigheitskonkurranse.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.