Sist veke vart det strekt kjøl på Bakkejekta, båten som Jensbua arbeider med å rekonstruere. Det er truleg 250 år sidan sist det vart strekt kjøl til ei jekt i Sunnfjord.
250 år sidan sist det skjedde i Sunnfjord
Initiativet til å byggje ein kopi av Bakkejekta vart teken hausten 2002. Originalen til båten ligg på Kystmuseet i Florø, og tilgangen på informasjon er dermed god.
-Vi er ein 12-13 stykker som er aktive i båtbygginga. Vi samlast nokre gonger i året til felles dugnadsinnsats, og sist veke strekte vi kjøl og la dei første bordgangane, fortel Ove Losnegård, som er initiativtakar og primus motor for bygginga.
Håpar på sjøsetjing neste år
-Eg veit det er optimistisk, men håpet er å vere ferdig med jekta neste sommar. Då skal Forbundet Kysten ha landsstemne i Kalvåg, og vi har ein draum om å møte der med ei sunnfjordjekt, seier Losnegård.
Dei har så langt finansiert om lag halvparten av den millionen dei reknar med båten vil koste.
Charterjekt
Det er skipa eit partslag, og det partseigarane som eig båten, og som skal vere med å bestemme kva den skal brukast til.
-Vi har sjølvsagt tenkt på kva jekta skal brukast til. Målet er først og fremst at den skal kaste glans over arrangement i området, og kanskje også fungere som charterbåt for spesielt interesserte, seier Losnegård.
Han understrekar også at det ein gong i året skal vere tur med varer til Bergen, slik at denne båten skal verte brukt til det same som originalen vart brukt til frå rundt 1750 og framover.