Kokkelandslaget satsar på Svanøy-hjort

Det norske kokkelandslaget satsar på kronhjort frå Svanøy som hovudrett i kokke-OL. Den prestisjetunge konkurransen går av stabelen i Erfurt i Tyskland i slutten av oktober.

Publisert 11.08.2004 kl 08:44 Oppdatert 11.08.2004 kl 08:53

Tips ein venn på e-post:

...
Kokkelandslaget satsar på kronhjort frå Svanøy, servert på ei terte med blant anna kantarellar og linser, pastaputer med spinat og andelever, søta nøtter og persillerotkrem. Toppen er av gulrot, sellerirot og vårløk.Foto: Trygve Indrelid/SCANPIX

60 kilo spissbukk-filet skal sikre OL-siger

-Dette er vanvittig moro, og fantastisk god PR, ikkje berre for oss, men for heile Sogn og Fjordane som råvarefylke, seier ein tilfreds dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter på Svanøy, Johan Trygve Solheim.

Tok kontakt

Kokkelandslaget tok kontakt tidleg i mars med bakgrunn i det dei hadde høyrt om råvarene frå Svanøy frå andre kjende kokkar.

-Vi begynner å bli anerkjende for produktet vårt, det ryktast i gastronomiske krinsar, smiler Solheim som har feira fleire triumfar i det siste. Førre helg var med å vinne konkurransen «Kokk og bonde»-finalen i Stavanger med hjort som hovudrett.

Kokkelandslaget tel ni deltakarar som held på i tre-fire år med å jobbe seg saman. Dei har i lang tid lege i treningsleir annan kvar helg i kokkanes eige treningssenter i Bærum, med tanke på OL i Tyskland. Medan Bocuse d'Or som Førde-kokken Terje Ness gjekk til topps i, er eit slags VM for individuell kokke-kunst, er OL internasjonal lagsport.

Mykje kjøt

Hittil har landslaget konsentrert seg om kaldmat-utstillinga, no startar treninga på varmmaten. Kokkane har tinga rundt 60 kilo filet, og det betyr at det vil gå med 30 Svanøy-hjortar.

-Dei må trene på råvarer som er identisk med konkurranse-produktet, forklarar Solheim som fortel at det er ei utfordring å skaffe så mykje hjortekjøt.

-Hjort er ein avgrensa ressurs, og biffdelane som dei kjende kokkane helst vil ha, er ikkje så store. Eg plar fleipe med at dei er ikkje mykje til kokkar om dei ikkje klarar å lage noko edelt også ut av dei andre delane på hjorten, seier Solheim.

Dette er elles ei utfordring hjortesenteret har gått laus på med bokprosjektet «Hjort frå hale til hovud» der ein tek sikte på at heile hjorten skal nyttast.

Spissbukkar

Det hjortelandslaget vil ha, er fileten av 17 månader gamle spissbukkar frå hjortefarmen. Dette er det beste av det beste, fastslår Solheim.

-Det må sjølvsagt til i ein knallhard OL-finale. Har du det beste av råvarar og det beste av kokkar som i tillegg har dagen, så vil det vere håp om siger. Det ville ikkje vere dumt for oss, seier ein ferierande Solheim som i går var på veg mot Bærum-kanten.

-Det er ikkje utenkjeleg at eg dukkar opp i treningslokalet til kokkane i løpet av veka. Eg vil sjå at lokala held mål.

-Det er klart at vi må setje krav til kokkane. Det er ikkje kven som helst som får kjøpe kjøt hjå oss. Slik sett er det eit privilegium at spurnaden etter hjortekjøt er mykje større enn produksjonen, seier Solheim.

Utfordring

Den første sendinga med Svanøy-hjort går nedover i neste veke. Johan Trygve Solheim trur kokkane skal bli nøgde.

-Ei utfordring er å halde jamn kvalitet på så mykje kjøt, men det skal vi klare, seier Solheim som har 150 dyr gåande på farmen på Svanøy.

-Mat og lokale råvarer frå Sogn og Fjordane ser ut til å vere inn. At hjortefarmen skal levere kjøt til ei OL-tevling, er utruleg moro og flott PR for alle. Det er berre å stå på. Vi skal prøve å gjere vårt, seier leiaren på Norsk Hjortefarm.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.