Karakterane forsvann i datasystemet

Elevane på sal og service ved Hafstad vidaregåande skule vart alle ståande med 0,0 i snittkarakter i datalistene til Inntakskontoret for vidaregåande skular på Leikanger. Dermed hamna mange på venteliste bak alle andre etter første skuleinntak.

Publisert 27.07.2004 kl 09:02 Oppdatert 27.07.2004 kl 09:18

Tips ein venn på e-post:

...
KRITISKE: Asgeir Viken Holsen og Mendy Gjervik Rygg er kritiske til at to klassar ved Hafstad vidaregåande skule kunne bli ståande utan standpunktkarakterar i første inntak til eit nytt skuleår utan at Inntaktskontoret reagerte. Foto: Sigurd Løseth

Hafstad-elevar på venteliste med 0,0 i snittkarakter

- Heilt fortvilande, seier Mendy Gjervik Rygg og Asgeir Viken Holsen frå Naustdal som begge ønskjer å halde fram på Hafstad vidaregåande skule. Nokre få dagar før andre inntak anar dei ikkje korleis det vil gå.

Standpunktkarakterane forsvann på ein eller annan måte i det elektroniske systemet på veg frå Hafstad vidaregåande til Inntakskontoret på Leikanger. Utan karakterar blei snittkarakteren 0,0.

Fortvila

-Eg vart heilt fortvila då eg fekk melding om at eg stod på 49. plass på reservelista, at eg hadde så dårlege karakterar, seier Gjervik Rygg

- Det same tenkte eg, seier Viken Holsen som stod på 43. plass på ei venteliste på 65 til plass i Førde.

Dei var ferdige med VK1 sal og service i vår, og søkte VK2 påbygging for å få studiekompetanse med tanke på vidare utdanning. På Hafstad konkurrerer dei om 30 plassar i ein klasse.

Frå Inntakskontoret høyrde dei ingenting om datatabben, men kontakt med medelevar avslørde at noko måtte vere gale. Søkjarar med dårlegare karakterar hadde kome inn.

-Elevane i vår klasse var til og med hamna bak søkjarar som er eldre og ikkje har rett til studieplass, seier Viken Holsen.

Høyrde ingenting

Mendy Gjervik Rygg prøvde å ta kontakt med Inntakskontoret, men fekk ikkje tak i nokon. Ho rekna med at dei ville sende ut eit skriv eller ta kontakt over telefon for å orientere om feilen, men høyrde ingenting.

-Hadde ikkje dette vore ein klasse med godt samhald og der jubeltelegrafen begynte å gå, hadde vi faktisk ikkje fått vite noko som helst, seier dei to elevane.

Dei tykkjer Inntakskontoret har handtert saka på ein arrogant måte.

-Det er vår framtid det handlar om. Skulen er noko vi tek på alvor og er sjølvsagt heilt avgjerande for seinare karriere, seier Mendy og Asgeir som begge har planar om å gå vidare på høgskule eller andre skular innan sal og service der dei treng studiekompetansen som berre VK2 påbygging kan gje.

Høyanger

Asgeir fekk etter første inntak beskjed om at han hadde fått skuleplass i Høyanger som var tredjevalet hans, men takka nei.

-Der kom eg inn sjølv med null i snittkarakter fordi det er så dårleg søknad. Samtidig er det lange ventelister i Førde. Det fortel litt om korleis politikarane skaltar og valtar med elevane, seier Asgeir med full støtte frå Mendy.

-Politikarane tek ikkje omsyn til kvar elevane søkjer. Tidlegare hadde Førde to klassar på VK2. Resultatet er at fleire må dra på hybel, til ekstra kostnad både for staten og for elevane må bruke pengar som kunne vore gode å ha til seinare utdanning, seier Gjervik Rygg.

Sjølv står ho på 1. plass på ventelista til Mo og Jølster vidaregåande skule. Men dit har ho ikkje lyst, og ho er usikker på valfagmogelegheitene..

Inntakskontoret har sagt til elevar som har ringt, at dei feilen vil bli retta opp ved andre inntak.

-Men dei kan jo ikkje ta skuleplassen frå elevar som alt er tildelt. Vi føler oss veldig usikre på kva dette vil ende med, seier Mendy Gjervik Rygg og Asgeir Viken Holsen som meiner fylkeskommunen om naudsynt må kjøpe ekstra plassar ved Hafstad vidaregåande for å rette opp feilen..

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.