Det kjende arkitektfirmaet Snøhetta har teikna dette utkastet til kombinert hotell og reiselivsmuseum. Prislappen er på 85 millionar kroner.
| Tone Merete Lillesvangstu | |
| Publisert 14.05.2004 kl 08:13 Oppdatert 14.05.2004 kl 08:18 |
Byggjer saman gamle-Kvikne's og blokka
Prosjektet skal vere eit samarbeid mellom stat, fylkeskommune, reiselivsnæringa og Kvikne's Hotell. Målet er å gjere det til eit nasjonalt opplevingssenter.
Planen er å imøtekomme behova til både Norsk Reiselivsmuseum og Kvikne's Hotell gjennom eitt grep. Ifølgje teikningane skal reiselivsmuseet liggje som ei bølgje som går frå fjorden og heilt opp på taket av den åtte etasjar høge hotellblokka som ligg bak gamlehotellet til Kvikne's.
Spleiseselskap
-Det må bli slik, ikkje noko mindre om det skal bli ein høveleg motor, seier den tidlegare kulturdirektøren i fylket, Lidvin Osland, til Sogn Avis.
Kvikne's Hotell er budd på å ta sin del av kostnadene på 24 millionar kroner. Kommunen må bu seg på inntil ni millionar kroner. Frå offentleg hald er tanken at 25 pluss 25 kan hentast inn.
Nasjonal status
-Ein slik attraksjon er uvurderleg viktig, seier ordførar Erlend Fagermoen til Sogn Avis.
Planane om reiselivsmuseum i Balestrand har eksistert i nær 25 år. Det har vore gjort mange forsøk, men no har endeleg tiltaket fått nasjonal status.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt