A i alt

Trond Saltskår (23) får betalt for gode karakterar.

(Foto: Iris Engen Skadal)

DEL

Saltskår gjekk til topps på karakterskalaen i fire obligatoriske mattefag ved Høgskulen i Bergen. Det betyr pengegevinst for elektroingeniøren frå Atløy.

- Vi får ikkje stipend i juni, så det passa ekstra bra å vinne rundt 5000 kroner no, seier han på telefon til Firda.

100 000 i potten

NECON AS har gjort det til en årviss tradisjon å dele ut 100.000 kroner til ingeniørstudentar ved Høgskolen i Bergen som oppnår toppkarakteren A i alle obligatoriske matte- og statistikkfag. I år må 23-åringen dele potten med 19 andre nyutdannede ingeniørar.

Artikkeltags