Trailer og personbil kolliderte på E39 – to til legevakt

Naudetatane er på veg til staden.

Ein trailer og ein personbil kolliderte på E39 i Jølster.

Ein trailer og ein personbil kolliderte på E39 i Jølster. (Foto: )

DEL

Like etter klokka halv seks kom det melding frå politiet om at ein trailer og ein personbil er involvert i ei trafikkulykke på E39 ved Svidalsneset på Jølster.

– Det var eit trafikkuhell ved avkøyringa til eit kryss. Ulykka innvolverte ein trailer og ein personbil, seier Tone Stien i politiet til Firda sin journalist på staden.

Rundt kvart over seks kom meldinga om at to personar var sendt med ambulanse til legevakta i Førde.

– Dei to personane som sat i personbilen var tekne med til legevakta. Sjåføren av traileren skal vere uskadd. Det er mindre materielle skader på staden, seier Stien.

Traileren kom køyrande austover på E39 og kolliderte med ein personbil som svinga inn på E39, opplyser politiet.

Det er førebels ukjent kva som var årsaka til ulykka.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags