Rock'n'roll gamleheimsmoro og desperat klønete sjekking

Elisabeth Moberg i spissen for ei sprek gamleheimskomedie innleier eit spanande jubileumsår for Sogn og Fjordane teater.

Elisabeth Moberg og Oda Alisøy

Elisabeth Moberg og Oda Alisøy (Foto: )

DEL

– Ein førtiåring som Sogn og Fjordane teater ønsker å halde seg i form og bli verande ung. Det gjer vi med komedien Evig Ung, sa teatersjef Bodil Kvamme, då ho presenterte programmet for jubileumsåret i Teatersalen i Førdehuset torsdag.

– Komedien har gått sin sigersgang på både europeiske og skandinaviske scener. I stykket er teateret ein gong i framtida lagt ned, og gjort om til ein gamleheim for pensjonerte skodespelarar. Når ingen ser dei, mimrar dei om karrierane sine, om tida då dei stod på scena og reiste på turne i Sogn og Fjordane, og så begynner det å rykke i gamle rockeføter, var vel alt Kvamme rakk å seie før ho vart avbroten av Elisabeth Moberg og Oda Alisøy som ramla inn på scena, og så var vi brått midt i stykket, der Moberg gav til beste ein rørande vakker versjon av Alphaville's «Forever young». Plakaten ber løfter om mange popsvisker, og stykket har premiere 10. februar.

FOREVER YOUNG: Elisabeth Moberg blir å sjå på scener rundt om i fylket frå februar av.

FOREVER YOUNG: Elisabeth Moberg blir å sjå på scener rundt om i fylket frå februar av. (Foto: )

«Privattimen» er eit stykke der ei ung jente melder seg hos den ikkje så reint lite merkelege privatlæraren, som på berre tre veker skal hjelpe henne å ta «Den universelle doktorgrad». Det skal vise seg at pensum inneheld heilt andre ting enn ho hadde venta. Kyrre Eikås Ottersen og Reidun Melvær Berge gav oss ein smakebit i leseprøve-format, og det såg ut til å ligge an til ein spanande privattime. Dette er eitt av tre samarbeidsprosjekt teateret har neste år med Den Kulturelle Skulesekken, og premieren er sett til 10. mars.

FAST ENSEMBLE: For første gang på mange år har SOFT tre fast tilsette skodesepalarar: Kyrre Eikås Ottersen,  Reidun Melvær Berge og Idun Losnegård

FAST ENSEMBLE: For første gang på mange år har SOFT tre fast tilsette skodesepalarar: Kyrre Eikås Ottersen, Reidun Melvær Berge og Idun Losnegård (Foto: )

Sunniva.no er namnet på ei samtidsorientert danseframsyning, bygd på legenda om St. Sunniva, som blir sett opp under Førde Internasjonale folkemusikkfestival.

Eit lite grøss blir framsyninga «Fugletribunalet», bygd på ein roman av Agnes Ravatn. «Fugletribunalet» var Agnes Ravatn si andre bok, og for den vann ho P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens Kritikarpris og Bloggprisen 2013. Premiere er på hausten.

Seint på hausten er det også klart for ei framsyning som underteikna, i alle fall, fekk veldig lyst å sjå:

Ein av dei mest omtalte og kritikarroste svenske forfattarane dei siste åra heiter Jonas Hassen Khemiri. Hans første teaterstykke, «Invasjon!», tek føre seg alvorlege tema som framandfrykt og fordommar på ein leiken måte.

SLIT TUNGT: Thomas Bipin Olsen har det ikkje godt, der han prøver å sjekke opp Reidun Melvær Berge.

SLIT TUNGT: Thomas Bipin Olsen har det ikkje godt, der han prøver å sjekke opp Reidun Melvær Berge.

Vi fekk ein leseprøve der Thomas Bipin Olsen spelar ein ung, pakistansk gut som heilt desperat klønete prøver å sjekke opp ei norsk jente, spelt av Reidun Melvær Berge. Han innehelder den unge, slang-spekka pakistanarstilen så kosteleg at du må berre skrattle. Sjekkinga, derimot, går så grufullt trått at det gjer vondt langt inn i ei mannesjel. Stykket har premiere 14. oktober.

Jubileumsåret blir avslutta med at «Juleevangeliet – Miriam si forteljing», som i desse dagar turnerer ei rekke kyrkjer i fylket, blir seint ut på endå ein turné, for å «gjeste dei stadene vi ikkje rakk i 2016», som Bodil Kvamme sa det.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags