Ho er songstemma bak NRKs nye juleserie på TV

Eva Weel Skram laga signaturlåten til årets NRK-julekalender «Snøfall».

JULEAKTUELL: Eva Weel Skram og Thomas Stenersen (Eva and the Heartmaker) har laga signaturlåta til årets NRK-julekalender.

JULEAKTUELL: Eva Weel Skram og Thomas Stenersen (Eva and the Heartmaker) har laga signaturlåta til årets NRK-julekalender. (Foto: )

DEL

– Dette er veldig spesielt! Det blir vår største eigenskrivne låt på norsk.

Det seier Eva Weel Skram, som saman med ektefellen Thomas Stenersen har laga «Selmas song» til årets NRK-julekalender.

Songen handlar om hovudpersonen i serien: den foreldrelause jenta Selma. Den blir å høyre på rulleteksten av kvar episode, og vil også bli framført i sjølve serien. Låten blei gitt ut digitalt 25. november.

Fekk synge på dialekt

«Snøfall» er truleg den største produksjonen Norge har sett innan julekalendrar. Seiren har tatt fire år å lage, og det heile har kosta 50 millionar kroner. For eitt år sidan fekk Skram eit tips om at NRK var ute etter ein artist til rulletekstsongen. Ho og medartist/ektefelle Thomas Stenersen prøvde seg med eit forslag, og fekk klarsignal.

– Vi lagde melodien først. Så skulle vi prøve å legge tekst på den. Vi fekk sjå fire episodar av serien for å få inn handlinga. Men det var vanskeleg. Det er ein komplisert historie, og fire episodar var ikkje nok til å få greie på alt, seier artisten frå Sogndal.

Det blei difor til at Snøfall-regissør/manusforfattar Synne Teksum skreiv teksten. Men det er Weel Skram som syng den, og det på dialekt.

– Det er ikkje slik som før, at alle i serien snakkar bokmål. Eg har aldri sett så mange dialektar i ein serie før, alt frå bergensk til nynorsk til stavangersk, seier ho.

Kva synest du elles om det du har sett av serien?

I Snøfall blir Selma (Siri Skjeggedal, framst) kjent med Frida (Charlotte Myrset), Pil (Kevin Haugan) og Julius (Trond Høvik).

I Snøfall blir Selma (Siri Skjeggedal, framst) kjent med Frida (Charlotte Myrset), Pil (Kevin Haugan) og Julius (Trond Høvik). (Foto: )

Det er noko av det råaste eg har sett. Det er morosamt, rørande og passar for dei vaksne også. Det er ein skikkeleg stor produksjon, slik som Julekongen og Jul i Svingen. Eg er imponert over nivået som NRK har fått på seriane sine, seier Weel Skram.

Svergar til Skomakergata

Men ingenting er som serien ein sjølv vaks opp med. Weel Skram har sin favoritt.

Snøfall

Dette er NRK sin nye julekalender, som i velkjent stil blir vist kvar dag frå 1. til 24. desember. Serien er skreven av familien Hagerup, og handlar om den foreldrelause jenta Selma på ni år, som drøymer om å få sin eigen familie. Ein dag kjem Selma over ein hemmeleg portal, som på magisk vis tar ho til nisseland.

– Skomakergata! Den hugsar eg best frå då eg var liten. Alle som vaks opp med ein julekalender, vil vel helst sjå sin eigen. Men ting har blitt litt meir modernisert og tilpassa tida vi lever i. Det blir litt rart om ein berre skal spele det som er 30 år gammalt. Då trur eg ikkje borna ville følgt med heilt, seier ho.

Søskenbarnet Henrik Skram har elles laga all musikken til Snøfall. Til saman er dette 1100 opptak med Kringkastingsorkesteret, som til saman varer i seks timar. 

– Eg fekk vere med i studio og høyre på då KORK spelte inn. Det var magisk, som å vere i ein Disneyfilm, seier Weel Skram.

Ho seier at ho fekk meirsmak av å innspelinga av Selmas song. Saman med sin Heartmaker er ho no i gang med eit album på norsk til neste år. I tillegg ventar ny turné i februar, som mellom anna skal innom Førdehuset den 28. april.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags