Førdefestivalen går for nordiske tonar

FØRDE: Temaet for Førdefestivalen 2017 blir «Klangen av Norden». Men festivaldirektøren lovar også musikarar frå andre verdsdelar.

NORDISK TEMA: (F.v.) Orkesterleiar for opningskonserten Karl-Johan Ankarblom, festivaldirektør Hilde Bjørkum, Aslak Brimi (Gudbrandsdølenes Spelemannslag), og arrangementssjef Sølvi Lien.

NORDISK TEMA: (F.v.) Orkesterleiar for opningskonserten Karl-Johan Ankarblom, festivaldirektør Hilde Bjørkum, Aslak Brimi (Gudbrandsdølenes Spelemannslag), og arrangementssjef Sølvi Lien. (Foto: )

DEL

– Det er lov til å sjå litt rundt seg etter kva vi har her heime. Det har aldri vore fleire profesjonelle folkemusikarar i Norge enn det er i dag.

Det seier festivaldirektør Hilde Bjørkum. Førdefestivalen har sleppt temaet for neste år, og vel for første gong gjennom sine 28 år å rette hovudmerksemda på den nordiske folkemusikken.

Festivalen blir arrangert frå 5.-9. juli 2017.

Satsar stort på opningskonserten

– Norden er jo litt i fokus for tida, meiner vi. Mellom anna blir det ofte snakka om den nordiske samfunnsmodellen i verdssamanheng, og i tillegg har Norge fått formannskapsrolla i Nordisk ministerråd i 2017. Det er fleire ting som drar i same retning. Vi har lyst til å utforske kva den nordiske klangen er for noko, seier ho.

Førdefestivalen meiner dei slår på stortromma med opningskonserten, som blir ei satsing med 40 folkemusikarar, fire komponistar og åtte solistar. Det heile blir leia av svenske Karl-Johan Ankarblom, som tidlegare har samarbeidd med symfoniorkesteret til BBC og London filharmoniske orkester.

Hovudbasen beståande av 40 folkemusikarar blir eit nordisk orkester sett saman av felespelarane i Gudbrandsdølenes Spelemannslag (Norge), medlemmer av Folk All-in Band (Sverige), Baltic Crossing (Finland/Danmark) og Harald Haugaard kvintett (Danmark). Dei fire komponistane og åtte solistane i prosjektet kjem også frå ulike delar av Norden, i tråd med temaet.

Gløymer ikkje resten av verda

KVERNBERG: Jorun Kvernberg (søster til den legendariske Ola Kvernberg) skal med hardingfela si delta som solist og komponist på opningskonserten.

KVERNBERG: Jorun Kvernberg (søster til den legendariske Ola Kvernberg) skal med hardingfela si delta som solist og komponist på opningskonserten. (Foto: )

Korleis kjem ei slik samansetting til å høyrast ut?

Det blir noko heilt nytt. Musikarane skriv ny musikk til dette, i tillegg til litt tradisjonsmusikk orkestrert på nye måtar. Men eg veit enno ikkje korleis det vil låte. Det trur eg ein må vere på konserten for å finne ut. No er dei begynt å komponere og arrangere. Så skal dei øve kvar for seg utover nyåret, før musikarane kan samlast først i juni, seier Bjørkum.

Sjølv om temaet er «Klangen av Norden», fortel Bjørkum at dei også hentar inn mange artistar frå andre delar av verda. Mellom anna kjem gruppa ComboNations, beståande av den norsk-iranske musikaren Javid Afsari Rad og fleire leiande innvandrarmusikarar i Norge.

– Dei som er ute etter andre ting enn nordisk musikk, vil også få eit kjempegodt tilbod under festivalen. Men kanskje kan ein oppdage noko nytt i den nordiske musikken? Det er ofte slik at vi gir folk ting dei ikkje visste at dei elskar. Det er mykje vakkert og tøft i vår folkemusikk, så eg trur fleire kan få seg ei positiv overrasking, seier ho.

Ikkje bak skjema i år

Korleis ligg de an med å få alt i boks?

Det er ofte slik at eg riv meg litt i håret på denne tida av året, og føler at eg ikkje får programmet i hamn. Men i år ligg vi bra an, seier Bjørkum nøgd.

Ho fortel at heile festivalprogrammet blir presentert den 23. mars.

– Men vi kjem også til å sleppe litt artistar etter kvart. Eg har mykje snadder i posen, seier ho og ler.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags