Vil lage galla-TV frå Førdefestivalen

KULTUR: Wien har Nyttårskonserten. No ønskjer Førdefestivalen å by verda TV-send folkemusikkgalla frå Sunnfjord.

VERDSMUSIKK: Førdefestivalen har blitt ein av dei viktigaste møteplassane for folkemusikk i verda. På biletet ser vi Catrin Finch frå Wales og Seckou Keita frå Senegal, under ein konsert i 2015.

VERDSMUSIKK: Førdefestivalen har blitt ein av dei viktigaste møteplassane for folkemusikk i verda. På biletet ser vi Catrin Finch frå Wales og Seckou Keita frå Senegal, under ein konsert i 2015. (Foto: )

DEL

Førdefestivalen ber fylkeskommunen om støtte til å etablere ei fast TV-sending laurdag kveld i festivalveka. Dette skal vere ei direktesending frå Gallakonserten i Førdehuset. Sendinga skal også innehalde førehandsproduserte innslag frå andre aktivitetar under festivalen, og med vestlandsnaturen som bakteppe, går det fram av søknaden.

– Ambisjonen er å etablere ei direktesending som blir distribuert både gjennom vanleg TV og via Internett. Sendinga skal presentere musikken, dansen, stemninga og ikkje minst regionen på ein måte som kan minne om dei årvisse nyttårskonsertane frå Wien, skriv direktør Hilde Bjørkum og prosjektleiar Erlend Hagen i eit brev til fylkeskommunen.

Ber om millionstøtte

Festivalen søkjer om produksjonsstøtte på 500.000 kroner per år i tre år, for åra 2017, 2018 og 2019 – til saman 1,5 millionar fylkeskommunale kroner. Summen utgjer om lag ein fjerdedel av dei årlege TV-produksjonskostnadene, og inkluderer ikkje artistkostnader og sceneproduksjon.

– Det tek tid å etablere ei fast TV-sending hos sjåarane. Difor har prosjektet ein femårshorisont. Det er avgjerande at prosjektet er finansiert dei tre første åra, før idéen blir realisert, skriv festivalleiinga. Dei meiner det ikkje er mogleg å få til slike produksjonar utan friske midlar.

Søknaden om støtta til å formidle Førdefestivalen ut i verda vil bli ei sak for politikarane i det fylkeskommunale hovudutvalet for næring og kultur. Førebels er det ikkje klart korleis fylkesadministrasjonen og politikarane kjem til å stille seg til ønsket om millionbidrag. Fylkeskommunen har i dag pressa økonomi, men har tidlegare stilt opp med store bidrag til arrangement som kunne profilere fylket og distriktet – mellom anna til delfinalar i Melodi Grand Prix i Florø og til sendingane frå EM i vektløfting i Førde og Naustdal.

Både i 2014 og i 2015 vart opningskonserten i Folkemusikkfestivalen send på NRK TV. Dei seinare åra har dei store festivalframsyningane i idrettshallen blitt meir og meir visuelle, med innslag av førehandsprodusert video, audio og grafikk, kombinert med fleirkameraproduksjon.

Største i sitt slag

I søknaden minner festivalleiinga om at Førdefestivalen gjennom 27 år har utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste møteplassane for folkemusikk i verda. Festivalen er i dag det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. Sidan starten i 1990 har han samla 6700 musikarar frå nærare 150 land, til 2000 ulike arrangement.

– Om lag 650.000 besøkande har opplevd musikk, song og dans dei knapt visste eksisterte. No er det på høg tid å kringkaste festen ut i verda, skriv Bjørkum og Hagen.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags