Har ordføraren fått seg «pavebil»?

FØRDE: Bård Solberg Våge lurte fælt då han såg denne doningen like ved Rådhuset.

NY INVESTERING?: Bilen minner om framkomstmiddelet som Paven ofte viser seg i.

NY INVESTERING?: Bilen minner om framkomstmiddelet som Paven ofte viser seg i. (Foto: )

DEL

– Eg lurte på kva det var for noko. Det såg jo noko spesielt ut, seier han om bilen som trygt kan kallast spesiell.

Etter å ha observert bilen fleire gongar i Førde denne helga, la han ut eit bilde av den på Facebook-gruppa «Førde i bilde». Der dukka det opp fleire spenstige teoriar.

«Der skal nok Olve Grotle sitte å smile med dollarteikn i auga når han skal vise fram dei nye fine bomstasjonane sine», sa ein. «Hestevogn med utsikt for hesten», sa ein annan.

Fraktar kunstverk av Jesus

Men det er verken Olve Grotle eller hestar denne bilen er meint for. Bilen har nemleg blitt brukt til å frakte kunstverket «Den barmhjertige Jesus», som no har reist rundt i Sogn og Fjordane etter ei veke på utstilling i Bergen. Bilen har vore innom fleire kyrkjer i fylket med bildet. Dette skal vere første gong at bildet er utanfor Polen.

Dette går fram frå nettsida til den katolske kyrkja St. Paul Menighet i Bergen.

Mellom anna var bildet til stades i Bø kyrkje i Leirvik i Hyllestad kommune. Der samla ein gjeng seg til messe og for å ta imot bildet i tillegg til relikviar av sr. Faustina og Johannes Paul II.

Etter dette drog bilen med bildet sørover mot Stavanger.

Slik ser den ordentlege «pavebilen» ut.

Slik ser den ordentlege «pavebilen» ut. (Foto: )

Artikkeltags