...
Inntektene til bøndene frå sal av kjøtt, melk, korn og andre landbruksvarer har på ti år auka med over 6 milliardar kroner. Foto: Bent Are Iversen

Tener milliardar på matsal

Professor meiner tala bryt ned myten om at bøndene lever av subsidiar.

Publisert 25.04.2012 kl 11:20 Oppdatert 25.04.2012 kl 11:25

Tips ein venn på e-post:

www.firda.no Sjå alle stillingar (41)





Inntektene til bøndene frå sal av kjøtt, melk, korn og andre landbruksvarer har på ti år auka med over 6 milliardar kroner. Det er 13 gongar meir enn veksten bøndene har fått over statsbudsjettet i same periode, ifølgje tal frå Budsjettnemnda for jordbruket.

Tala bryt ned mytar om landbruket, meiner professor Reidar Almås i Bygdeforskning.

- Viss du spør folk på gata, vil nok mange seie at bøndene blir stadig meir avhengige av statsstøtte. Her ser vi derimot at utviklinga går i motsett retning. Mytene blir avkrefta. Bøndene hentar mesteparten av inntektene i marknaden, og marknaden styrer stadig meir, seier Almås til Nationen.

Landbruket tener no nesten tre av fire kroner på sal av matvarer til industri og butikk. Ifølgje tala frå Budsjettnemnda for jordbruket, har tilskota over statsbudsjettet auka langt mindre enn prisveksten i samfunnet.

Frå 2000 til 2010 auka løyvingane frå staten med 463 millionar kroner, eller fem prosent.

- Det er ei kjend sak at stadig mindre av statsbudsjettet går til landbruk. Grunnen til at det ikkje har prega debatten meir er kanskje at det har vore sterk rasjonalisering i landbruket. Det blir færre bønder igjen å dele tilskota på. Dermed merkar ein ikkje nedgangen så godt, seier Almås. (ANB-NTB)