Trafikkulykke

Mann send med luftambulanse til Førde.

Bilete er ein illustrasjon til saka.

Bilete er ein illustrasjon til saka. (Foto: Helge Johnsen)

DEL

Laurdag morgon klokka 05.30 fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Gulen kommune.

Luftambulanse

Ein 23 år gammal mann blei send til Førde sentralsjukehus med luftambulanse, opplyser operasjonsleiar Erik Hole i Hordaland politidistrikt.

Det var berre ein bil involvert i ulykka, som skjedde på E39 eit stykke frå Oppedal.

- Bilen han køyrde er totalvraka og måtte tauast vekk frå staden, seier operasjonsleiar Hole.

Artikkeltags