Stengd igjen av nytt ras

Omfattande arbeid før vegen kan opnast att.

Etter at det igjen rasa i fjellskjeringa ovafor Maristova vert E16 permanent stengd dei neste vekene.

Etter at det igjen rasa i fjellskjeringa ovafor Maristova vert E16 permanent stengd dei neste vekene. (Foto: Statens vegvesen )

DEL

Filefjell blir permanent stengd i minst fire veker på grunn av at det har komme eit nytt ras i fjellskjeringa ovafor Maristova.

Vegen kan tidlegast opnast 12. oktober, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

I samband med ei utbetring av E16 mellom Smedalsosen og Borlaug i byrjinga av september kom det eit ras ut i vegbana etter sprenginga av ei salve.

Vegen blei då stengt 7.- 9. september, men no har altså det same skjedd på ny.

Geolog har vore på staden og saman med byggherre og entreprenør vart det konkludert med at arbeidet med å opne og sikre vegen vil vere så omfattande og utfordrande at det ikkje let seg gjere før tidlegast 12. oktober.

– Entreprenøren har lova å gjere det dei kan for å rydde og sikre vegen. Dei skal også ha ressursar nok til at arbeidet skal skje så raskt og effektivt som råd, seier prosjektleiar Oddvin Ylvisaker i pressemeldinga.

Utbetringa av vegstrekninga har gått føre seg i eit trongt og utfordrande parti langs elva Smedøla, i ei fjellskjering som er 32 meter høg.

I utgangspunktet var det planlagt stenging av E16 måndag-fredag i åtte veker. Men no blir altså vegen stengd til minst 12. oktober

Artikkeltags