...
Sogn og Fjordane hadde i 2011 flest drepne på vegane i forhold til folketalet. Foto: Hilde Genberg

36 omkom på vegane

Sogn og Fjordane har flest dødsulykker i forhold til folketal på Vestlandet.

Eirik Grane
Eirik Grane Profil E-post
Publisert 14.09.2012 kl 16:32 Oppdatert 14.09.2012 kl 16:35

Tips ein venn på e-post:




I 2011 omkom 36 personar i 35 ulykker på vegane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det er tre fleire enn i 2010.

7 av desse ulykkene skjedde i Sogn og Fjordane, 19 i Hordaland og 10 i Rogaland, viser ein rapport frå Ulykkesanalysegruppa i Statens vegvesen region vest.

I rapporten går det fram at Sogn og Fjordane i 2011 hadde 6,5 drepne i trafikken per 100.000 innbyggjarar, som er det høgste talet i region vest.

Hordaland hadde 3,9 drepne per 100.000 innbyggjarar og Rogaland 2,3.

Det var møte- og utforkøyringsulykker som førte til flest dødsfall på vestlandsvegane i 2011. 15 av dødsfalla skuldast møteulykker og åtte omkom etter utforkøyringsulykker.

- Vi har registrert eit mønster med fleire møteulukker dei siste åra. Utforkøyringsulukkene går ned, men det er likevel desse to ulukkestypane som tek flest liv. Talet på fotgjengarar og syklistar som mister livet i trafikken auker dessverre også, seier Hans Olav Hellesøe, leiar av Ulukkesanalysegruppa i Region vest i ei pressemelding.

27 av dei drepne i trafikken på Vestlandet i 2011 var menn og ni kvinner. Seks av dei omkomne kvinnene var bilførarar, ein bilpassasjer, ein var syklist og ei kvinne var fotgjengar. Sju menn omkom i mc-ulykker og to eldre menn omkom på moped, viser tala frå Vegvesenet.

Biler til salgs lokalt


De nyeste annonsene:

Annonsere i avis og på nett?

Zap over til Shanghai

...

Sjekk ut ZAP! Aptera og alle de andre bilene som fant veien til Shanghai Auto Show.

Se bildene

Bond gass på bilmesse

...

Daniel Craig kastet glans over New York International Auto Show. Sjekk ut bilene som glinset på messa.

Se bildeserie

404 - Not found

Error message: Got exception when fetching resource: Director returned null object for resource : /api.no/resources/relax/article/51/4370341/

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.