...
Etter at det igjen rasa i fjellskjeringa ovafor Maristova vert E16 permanent stengd dei neste vekene. Foto: Statens vegvesen

Stengd igjen av nytt ras

Omfattande arbeid før vegen kan opnast att.

Astrid Iren Solheim
Astrid Iren Solheim Profil E-post
Publisert 13.09.2012 kl 12:34 Oppdatert 13.09.2012 kl 15:06

Tips ein venn på e-post:



...
Kartet syner kvar vegen er stengd. Foto: Kart; Statens vegvesen
...
Om du får trøbbel på grunn av stenginga av Filefjell, kan du nytte deg av desse omkøyringane Foto: Kart, Statens vegvesen

Filefjell blir permanent stengd i minst fire veker på grunn av at det har komme eit nytt ras i fjellskjeringa ovafor Maristova.

Vegen kan tidlegast opnast 12. oktober, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

I samband med ei utbetring av E16 mellom Smedalsosen og Borlaug i byrjinga av september kom det eit ras ut i vegbana etter sprenginga av ei salve.

Vegen blei då stengt 7.- 9. september, men no har altså det same skjedd på ny.

Geolog har vore på staden og saman med byggherre og entreprenør vart det konkludert med at arbeidet med å opne og sikre vegen vil vere så omfattande og utfordrande at det ikkje let seg gjere før tidlegast 12. oktober.

– Entreprenøren har lova å gjere det dei kan for å rydde og sikre vegen. Dei skal også ha ressursar nok til at arbeidet skal skje så raskt og effektivt som råd, seier prosjektleiar Oddvin Ylvisaker i pressemeldinga.

Utbetringa av vegstrekninga har gått føre seg i eit trongt og utfordrande parti langs elva Smedøla, i ei fjellskjering som er 32 meter høg.

I utgangspunktet var det planlagt stenging av E16 måndag-fredag i åtte veker. Men no blir altså vegen stengd til minst 12. oktober

Biler til salgs lokalt


De nyeste annonsene:

Annonsere i avis og på nett?

Zap over til Shanghai

...

Sjekk ut ZAP! Aptera og alle de andre bilene som fant veien til Shanghai Auto Show.

Se bildene

Bond gass på bilmesse

...

Daniel Craig kastet glans over New York International Auto Show. Sjekk ut bilene som glinset på messa.

Se bildeserie

404 - Not found

Error message: Got exception when fetching resource: Director returned null object for resource : /api.no/resources/relax/article/51/4370341/

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.