...
Nelly Ramstad er forundra over at ei privat bedrift kan bøteleggje henne for å ha brukt parkeringsplassen deira. Foto: Cato Husabø Fossen

Fekk parkeringsbot av huseigar

- Skal ei privat bedrift kunne bøteleggje på same måte som politiet?

Cato Husabø Fossen
Cato Husabø Fossen Profil E-post
Publisert 06.02.2012 kl 15:14 Oppdatert 06.02.2012 kl 15:25

Tips ein venn på e-post:




Dette spørsmålet stiller Nelly Ramstad (68) frå Førde, som fann ei parkeringsbot på 700 kroner på frontruta etter ei treningsøkt på Friskis & Svettis i førre veke.

Det var verken politiet eller eit parkeringsselskap som hadde skrive ut gebyret, men Norsk Motor Import AS, som eig parkeringsplassen Ramstad hadde parkert på.

Såg skiltet i dagslys
- Eg vart veldig overraska. For det første var den store plassen så godt som tom, så eg stod ikkje i vegen for nokon. For det andre hadde eg ikkje sett noko skilt om at ein ikkje kunne parkere der, seier Ramstad.

Då ho reiste tilbake til staden dagen etterpå, kunne ho konstatere at det er sett opp eit skilt som signaliserer privat parkering med varsel om avgift ved parkering utan løyve.

Parkert inne
Dagleg leiar Roy Valvik i Norsk Motor Import meiner at dei ikkje bøtelegg, men skriv ut gebyr for bilar som parkerer utan løyve.

- Vi har sett oss nøydde til å innføre dette, då vi til tider har opplevd at portane våre har blitt parkert inne, seier Valvik.

Han legg til at dei ikkje er ute etter å ta nokon.

Politiet: - Ikkje ulovleg
- Men skal ei privat bedrift kunne bøteleggje på same måte som politiet då, spør Ramstad, og legg til at ho hadde respektert skiltet dersom ho hadde sett det den kvelden ho fekk bota.

Ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser politifullmektig Anette Stegegjerdet Nordberg at politiet ikkje kan sjå at bøtelegginga er ulovleg.

Heller ikkje Statens vegvesen eller Førde kommune kan sjå at bedrifta har gjort noko ulovleg.

Biler til salgs lokalt


De nyeste annonsene:

Annonsere i avis og på nett?

Dagens videoklipp:

...

Kunde amok

klipp Denne personen sliter vel med å finne en ny forhandler å kjøpe bil hos. Les meir


404 - Not found

Error message: Got exception when fetching resource: Director returned null object for resource : /api.no/resources/relax/article/51/4370341/

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.