...
Nesten dobbelt så mange sjåførar fryktar bøter meir enn prikkar når dei vert stoppa av politiet. Foto: Utrykningspolitiet

Fryktar bøter meir enn prikkar

Og menn er med god grunn aller mest redd før bøter.

Eirik Grane
Eirik Grane Profil E-post
Publisert 02.02.2012 kl 12:00 Oppdatert 02.02.2012 kl 12:12

Tips ein venn på e-post:



Kva meiner du?

Kva fryktar du mest - bøter eller prikkar?

Bøter
Prikkar
Ingen av delane

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 119


På spørsmål om kva for straff dei fryktar aller mest ved brot på Vegtrafikklova, svarer 36 prosent av norske sjåførar at det er bøter.

19 prosent er mest redde for prikkbelastning. Det viser ei spørjeundersøking YouGov har gjort for If Skadeforsikring.

Førarkortet ryk på åtte prikkar
- Ei bot svir i lommeboka, og dei fleste tenkjer vel at dei aldri klarer å få så mange som åtte prikkar, seier fagsjef Kurt Isak Undereidet i If Skadeforsikring til nyheitsbyrået Newswire.

Førarkortet vert inndrege i eit halvt år dersom du får åtte prikkar i løpet av tre år.

Undersøkinga viser også at menn fryktar bøter meir enn kvinner, og det er med god grunn.

Det er nemleg ein overvekt av menn som har fått bot i løpet av livet bak rattet, 56 prosent av mannlege sjåførar mot 37 prosent av kvinnelege sjåførar.

108 med åtte prikkar
Tal frå Politidirektoratet ved inngangen til 2012 viser at 108 bilførarar hadde samla nok prikkar til å miste førarkortet i løpet av 2011.

Det er akkurat dobbelt så mange som eitt år tidlegare.

- Frå i sommar vart det lettare å pådra seg prikkar. Regelendringa kan forklare heile oppgangen, seier politiinspektør Jan Morgan Guttormsen i Politidirektoratet.

Ferske sjåførar hardare straffa
Den viktigaste regelendringa 1. juli 2011 vart at ferske innehavarar av førarkort blir straffa med dobbelt så mange prikkar dei to første åra.

Det betyr for eksempel at dei blir straffa med seks prikkar dersom dei vert teken i 70 km/t i ei 50-sone.

97 prosent av prikkane kjem som følgje av for stor fart.

Dette får du prikkar for.

Biler til salgs lokalt


De nyeste annonsene:

Annonsere i avis og på nett?

Dagens videoklipp:

...

Kunde amok

klipp Denne personen sliter vel med å finne en ny forhandler å kjøpe bil hos. Les meir


404 - Not found

Error message: Got exception when fetching resource: Director returned null object for resource : /api.no/resources/relax/article/51/4370341/

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.