ALT ligg til rette for at Sogn og Fjordane kan bli eit sterkt fylke når det gjeld oppdrett av hjortedyr. Vi har ein natur og eit klima som passar godt, og vi har landets fremste hjortekompetanse på Svanøy. I tillegg har vi mange bønder som ikkje ser stort potensial i tradisjonell landbruksproduksjon. Dei burde ha interesse av å rette nasen mot det ein i moderne landbruksterminologi kallar nisjeproduksjon.
DET skortar ikkje på dei praktiske elementa som skal til for å skape ei nye og levedyktig landbruksnæring i ei moderne tid. Det det ser ut til å skorte på er interesse og mot. Det er vanskeleg å rive seg laus frå gamle og etablerte tankar om korleis ei næring kan utviklast. Landbruket er ikkje noko unnatak. Likevel skal dei seiast at den moderne bonden, også her i fylket har vist ei viss interesse for å satse alternativt. Satsing på turisme har vist det. Men tendensen har likevel vore at ein har venta lange med å satse, og helst skal andre ha gått løypa først og vist at det kan gjerast pengar på «det nye». Det å vere først er farleg om avkastninga er usikker.
NÅR det gjeld hjorteoppdrett skulle det meste vere avklart. Hjortesenteret på Svanøy har erfaringa som trengst, og den kan tilflyte dei som måtte ønskje det. Håpet no er at dei to oppdretta som er under etablering her i fylket skal få andre til å fatte interesse også, slik at dei får gjort ei kvalifisert vurdering av gardsbruket sitt for å sjå om det er eigna for oppdrett av hjort. Dagens landbruksregime har etterlyst større vilje hos bøndene til å satse på nisjeproduksjon, og hjort vil vere midt i blinken. Når vi dessutan veit at produkt av hjortevilt er ei svært etterspurd og ei godt prisa vare, burde fleire vise interesse. Og blir det satsa i eine enden vil det igjen gje grobotn for anna satsing, til dømes på slakteri- og foredlingssida. Det kjenner vi frå anna oppdrettsnæring. Også her sit Svanøy-miljøet med den beste kompetansen. Alt ligg såleis til rette for at hjort kan bli ei ekspansiv og annleis landbruksnæring.