KOMMENTAR

...
Samfunnsviterne inviterer til debatt. Men kva slags debatt? Det spørsmålet stiller Helge Johnsen i ein kommentar i Firda. Foto: Karin Flølo

Med megafon i nissefjøset

Samfunnsvitarane vil løfte debatten i fylket. Tener Anne Vikens debattform til å oppnå det? Dette spørsmålet stiller Helge Johnsen i ein kommentar i dagens Firda.

KOMMENTAR: Helge Johnsen
Publisert 21.01.2010 kl 08:39 Oppdatert 21.01.2010 kl 13:18

Tips ein venn på e-post:

LES OGSÅ:

– Dundrande sure, kjipe og treige 18.01.10 - 11:51

– Smått forbanna på Firda 18.01.10 - 14:16

Tanken bak debattforumet er edel, debatten om kva som kan snu fråflyttinga i Sogn og Fjordane er viktig, og det er ein fest om det kan bli litt temperatur og intelligent bråk.

SÅ LES EG manuset til debattkveldens hovudattraksjon, Anne Viken, og prøver å trengje bak overdrivingane, harselasen og personåtaka, og inn til kjernen i foredraget hennar. Den ho no jamrar over at journalisten som dekte debattmøtet ikkje fekk fram, etter sjølv å ha valt ei temmeleg tabloid uttrykksform, som nødvendigvis også må oppfattast og formidlast tabloid og spissformulert. Vi er vitne til ein skribent og samfunnsdebattant som er med på leiken, men ikkje vil smake steiken, og som no går bananas på sin eigen blogg fordi ho ikkje er blitt beskytta mot seg sjølv. Det er direkte fascinerande.

Eg les teksten hennar, og ser bodskapen om å løfte fram det kule, endre merkevara Sogn og Fjordane og å fri seg frå Senterpartiet, målrørsla og bunadseliten. Men eg slit med å finne skikkeleg substans i det ho serverer, og spør meg om ho treff det som er Sogn og Fjordanes problem.

ANNE VIKEN snakkar om kult og ukult, men forklarar ikkje kva ho legg i desse omgrepa. Ho generaliserer så det kvin: Bunadselitens låge takhøgd, intoleranse og allergi mot nye tankar. Målrørslas evige jamring. Gubbementaliteten og meiningspolitiet som held dei kule menneska og dei kule tinga i Sogn og Fjordane nede.

«Vi er vitne til ein skribent og samfunnsdebattant som er med på leiken, men ikkje vil smake steiken.»


Javel. Men det finst knapt eit døme i teksten som kan heve påstandane over nivået for pubargumentasjon. Er bunadkulturen eigentleg særleg synleg her i fylket? Tyngjer den dagens Sogn og Fjordane ned? Har nokon sett målrørsla i det siste? Og meiningspolitiet – kven er det ho meiner? Verkar det som kreative menneske blir haldne nede i eit fylke der Fjaler kommune har stått på for å hjelpe fram Transplant, og der Stryne-ordføraren spankulerer stolt rundt som ein tobeint reklameplakat for Ricco Vero og Moods of Norway?

Og går det verkeleg ikkje an å både vere turistmål og naturfylke, og ein stad der moderne menneske kan bu?

ER DET GUBBEMENTALITET, når fylkesordføraren frå Sp etablerer ein eigen tenkjetank for å prøve å få fram unge menneskes eigne idear om korleis ein kan bremse fråflyttinga?

Anne Viken peikar med rette på mekanismar og haldningar som vi alle bør vere på vakt mot i oss sjølve. Ho er ikkje utan poeng, ho fører resonnement og ho har glimt i auga. Men eg les med ei stigande kjensle av at ho meir teiknar eit bilete av eigne fordommar og angst for å lukte fjøs i byen, enn av Sogn og Fjordanes hovudproblem.

Det er påfallande at den høgt utdanna samfunnsdebattanten ikkje nemner dei svære internasjonale straumdraga som endrar næringsmønsteret og skaper auka sentralisering.

Anne Viken snakkar om «pinetrange rammer for tankeverksemd», men ikkje om dei tronge lokalpolitiske handlingsrom kommunane lever under i eit svært sentralstyrt Norge.

«Bør ikkje fylkets viktigaste debatt leggjast på eit meir analytisk nivå enn pubens konkurranse om å synse med store ord?»


Ho legg ikkje vekt på tyngdekreftene som gjer at kompetansearbeidsplassar, offentlege arbeidsplassar og nye næringar hovudsakleg hamnar i storbyane. Viken ser ikkje ut til å tenkje tanken om at største utfordringane kanskje ligg her, og i den mangelen på tunge senter Georg Arnestad mange gonger har peika på.

VIKENS HOVUDBODSKAP ER at vi må vere kule. Men få ting er så omskifteleg og forgjengeleg som trendar. Det skal ikkje meir til enn at det blir mote å leve det gode liv i småsamfunna, så stig aksjeverdien på Sogn og Fjordanes særpreg. Vi kan aldri bli noko urbant sentrum, men vi kan bli attraktive for menneske dette fylkets særpreg høver for.

Ei fersk undersøking viser at nær halvparten av unge mellom 18 og 25 år ønskjer å bu på bygda. Tal frå NIBR viser at 20 kommunar i fylket har hatt netto innflytting av småbarnsfamiliar i åra 2004–2008. Folketalet i Sogn og Fjordane går så smått oppover. Den klassiske motstraumspolitikken har ikkje virka. Men kanskje er det likevel håp for nissefolket.

I SOGN OG FJORDANE er Lotteritilsynet, Gjensidige Bank og kompetansemiljøet på Hermansverk levande døme på at dei unge, høgt utdanna menneska kjem, med sitt moderne tenkjesett og sin nye påverknad, straks vi har dei rette arbeidsplassane. Kanskje ville det vere meir nyttig om Samfunnsvitarane sette søkjelys på korleis vi skal få fleire av desse, enn at dei ser beundrande på Anne Viken medan ho jagar bygdelemen og fjøsnissar med øks.

Trond Ueland i Samfunnsviterne skriv i gårsdagens Firda at vi her i fylket går til angrep fordi vi ikkje er vane med tale- og skriveføre unge damers store ord og fakter.

Det er ikkje dette det handlar om, men om ein debattmåte prega av påstandar, personåtak på folk som ikkje er til stades, og ein ordbruk som – spesielt når Viken møter motstand i etterkant – minner om mangel på elementær folkeskikk.

Er det dette Samfunnsviterne vil skal setje standarden på samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane? Bør ikkje fylkets viktigaste debatt leggjast på eit meir analytisk nivå enn pubens konkurranse om å synse med store ord?

Bør ikkje fylkets viktigaste debatt leggjast på eit meir analytisk nivå enn pubens konkurranse om å synse med store ord?

Bompengar på E39

Bør ein innføre bompengar for å få fart på opprustinga av E39 gjennom fylket?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1759

Bjørneskinnet

Kvar bør bjørneskinnet hamne?

I Sogndal kommune (Fjærland)
I Jølster kommune (Skei)
Andre stader
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 413

Råneteater

Er det feil av politiet å forby råneteateret?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1505

Sist innom blant over 3000 medlemmer

Mobil nettavis

...

Les firda.no på mobilen

Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk

Bilete frå lesarane

NETTSAMFUNNET ORIGO

...

Fylkessona - Fjordaglimt.no

...

Slik kan bygda di få si sone

Origo har over 4000 soner.

Finn ut meir!

Mest kommentert på Fjordaglimt

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Annonser papir/nett
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør: Jan Atle Stang
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Jon H. Sørland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.