Leiar
EIN tilsynelatande altfor stor hjortestamme ser ut til å skape problem både for dyr og menneske, og no kjem på ny krav om større nedskyting. Då er det i alle fall på høg tid at ein prøver å skaffe seg så god oversikt og oppdatert kunnskap som råd er over så vel storleiken på som næringsgrunnlaget og helsetilstanden for hjortestammen.
EIN stor hjortestamme er ein ressurs, ikkje eit problem. Vi må også vere villige til å tenkje i litt utradisjonelle baner. I Fjaler har grunneigarar fått kurs i jaktsal, i Flora skal ein til med det same. Målet er at grunneigarar skal kunne få inntekter av hjortebestanden som så langt i altfor stor grad er ein unytta ressurs i slik samanheng. Det må nemleg vere råd å nytte hjorten betre i næringsutviklingssamanheng enn at nokre relativt få sit att med overfylte frysarar etter hjortejakta. Å kunne selje jaktrettar og tenester knytt opp til slike aktivitetar, som til dømes hytteutleige og transport, kan truleg gje brukbare inntekter for dei som ser sjansen og er villige til å satse.
MANGE har sterke meiningar om både bestandstorleik og kvotar, men desse sterke meiningane er i stor grad basert på synsing meir enn på fakta. Ein kraftig reduksjon av hjortebestanden må vere basert på heilskapleg økologisk kunnskap. I Sogn og Fjordane sit vi med landets beste kompetanse på alt som har med hjort å gjere gjennom Norsk Hjortesenter. Denne ekspertisen bør kommunar, grunneigarar, landbruk og reiseliv, dra nytte av - skaffe seg best mogleg oversikt og prøve å vere kreative når det gjeld å nytte den ressursen som hjortebestanden representerer for bygdene våre.
EIN stor hjortestamme bør vere ei kjelde til rikdom på mange vis i eit fylke med unike sjansar til å drive jakt og anna friluftsliv. Om hjorten i vide krinsar nærast blir sett på som eit skadedyr gir det grunn til uro og sjølvkritikk. Vi har nemleg skjøtta forvaltaransvaret vårt dårleg dersom ein ressurs som hjortebestanden vert meir til plage enn til nytte.
Vi har skjøtta forvaltaransvaret dårleg dersom ein ressurs som hjorten blir til ei plage for oss