...
Foto: Marie Stafnes Osland/FIRDA

»»» Dei sterkaste inntrykka - del 1 av 12

- Berre store hendingar

Kva sit sterkast i minnet til fjordingar og sogningar når 2011 går mot slutten? Firda har snakka med 12 av dei om personlege, lokale, nasjonale og internasjonale hendingar.

Publisert 24.12.2011 kl 12:31 Oppdatert 25.12.2011 kl 14:41

Tips ein venn på e-post:


Ingemar Sårheim (63) bur på Reed i Gloppen og er dagleg leiar for Norsk Country Treff som i år fekk status som knutepunktfestival.

Det har vore eit hektisk og godt år for Ingemar Sårheim. Ikkje minst for det han er aller mest oppteken av; Norsk Country Treff.

Kva har 2011 gitt deg personleg?

– Det mest gledelege er at vi fekk knutepunktstatus. Det er kjekt og viktig, ikkje minst for musikksjangeren, men også for festivalen, bygda, kommunen og det heile. Det er stort at ein liten plass i Utkant-Norge blir tildelt knutepunktstatusfestival.

Korleis har året prega jobben din?

– Når det gjeld country har det vore svært positivt og gledeleg jobbe med. Men helsa har ikkje vore like bra, og eg ha måtte gå til det skrittet å avslutte det å vere bonde. Det blir spesielt på den måten at eg ikkje har det faste å arbeide med. Eg har vore bonde i 40 år, og opplevd det som både positivt og negativt. Men det var ikkje berre moro å ta avgjerda om å slutte.

Kva hugsar du best av årets lokale hendingar?

– Eg er nok veldig inhabil, men det er klart at med kulturministeren og mykje gjeve folk til stades på festivalen var det ei stor hending for meg. Men i Breim har det berre vore store hendingar i år, med NM i friidrett på Byrkjelo som ei av dei. At Gloppen vart kåra til landets beste kulturkommune er veldig vesentleg og fortent der alle glopparar har vore medaktørar.

Kva nasjonale hendingar har gjort mest inntrykk?

– Utan tvil det sørgjelege som hende på Utøya og i Oslo. Men mitt håp er at konsekvensen blir at vi får eit litt djupare samfunn. Eg vart imponert over Stoltenbergs måte å takle situasjonen på, eit mønster som står i sterk kontrast USA sin reaksjon etter 11. september.?Eg håpar samfunnet tek lærdom, og blir litt meir audmjukt i slike situasjonar.

Kva hugsar du best av internasjonale hendingar?

– Eg trur det er klokt at vi trekkjer oss ut militært i konfliktområde som Afghanistan. Av og til er det nødvendig å engasjere seg militært, men ein må løyse internasjonale konfliktar på andre måtar, diplomatiet må ordne opp også her

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.