Betaling av abonnement
Abonnementet på Firda er løpande. Avisleveringa skal forskotsbetalast regelmessig avhengig av den betalingsterminen abonnenten har valt. Abonnenten kan når som helst seie opp abonnementet med minst 7 dagars varsel.
Vi gjer merksam på at Firda atterheld seg når som helst retten til å endre prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjort gjennom annonsar seinast 14 dagar før dei vert sette i verk. Dei nye prisane vert også gjort gjeldande abonnement som før prisendringa er forskotsbetalt etter tidligare pris.
Ved purringar tilkjem det eit purregebyr på kr 61,-.
Mellombels opphald
Ved mellombels opphald i avisleveringa kortare enn 60 dagar vert det ikkje gitt frådrag i abonnementsprisen for dei første seks dagane – på grunn av administrasjonsutgifter.
Flytting av avisa til ferieadresse i utlandet
Du kan ta med deg avisa til din ferieadresse i utlandet. Det er viktig å vere merksam på at dette skjer på eige ansvar for deg som abonnent. Du pliktar å melde frå dersom avisa uteblir. Dersom du ventar lenge med å seie frå, vil ikkje manglande avis bli kreditert.
Uteblitt avis
Om avisen uteblir pga. streik, lockout eller andre leveringsproblem, vil vårt erstatningsansvar avgrensast oppad til det abonnenten har betalt for tilsvarande tidsrom.
Ved uteblitt eller vesentleg forseinka avis, vil Firda uansett årsak godskrive abonnenten det som er betalt for avisa i tilsvarende tidsrom føresett at kunden snarast melder frå om uteblitt avis. Som vesentleg forseinka avis reknar ein avis levert 3 timer seinere enn Firda si målsetjing for levering. Dersom abonnenten konstaterar at uteblitt eller vesentleg forseinka avis ikkje er kreditert ved fakturering, må han kontakte oss for avrekning.
Dersom avisa uteblir eller er vesentleg forseinka av andre årsaker enn leveringshindringar utanfor Firda sin kontroll og abonnenten har kjøpt dagens avis i forretning, kan abonnenten i tillegg krevje dekka prisskilnaden mellom avisa sin utsalspris og abonnementspris.
Før dekningskjøp vert gjort må abonnenten ha gitt Firda særskilt melding om heving. Slik melding kan gjevast på tlf. nr. 57 83 33 00. Abonnenten må innan 30 dagar etter dekningskjøpet sende inn kvittering for utført kjøp av dagens avis. Abonnenten kan krevje å få dekket utgifter til porto, telefon og liknande i samband med reklamasjonen. Firda er ikkje under noko tilhøve ansvarleg for indirekte tap.
Leveringsfristar:
Mandag – laurdag: kl. 07.30
For postleverte aviser gjeld Posten sine leveringsvilkår.
Om kunden omadresserer avisa i ferieperioden, kan det tilkomme ekstra kostnadar. Eventuell kostnad vert lagt til første fakturering etter at kunden har returnert til heimeadressa.
Ved omadressering til utlandet garanterer ikkje Firda for sendinga av avisa, og kunden må sjølv dekke tapet av ev. uteblitt avis.
Korleis finn eg mitt kundenr./abonnementsnr.?
Du finn ditt kundenr./abonnementsnr. på fakturaen din. Du kan også ringe kundesenteret på telefon 57 83 33 00.
Korleis kan eg melde meg på AvtaleGiro?
Du kan melde deg på AvtaleGiro via nettbanken, din eller kontakte kundesenteret for skjema tilsendt på e-post/post!
Fakturagebyr
Avisa har fakturagebyr pålydande kr 30,- på papirfaktura. Du kan melde deg på AvtaleGiro eller e-faktura via nettbanken din, eller kontakte kundesenteret for skjema tilsendt på e-post/post! Dette er gebyrfritt.
Rettigheiter eAvis
Alt offentleggjort materiale som tekstar, artiklar, nyheiter, fotografi, grafikk og anna, vert stilt til rådigheit for vising og lesing. Du kan laste ned, og skrive ut en enkel kopi av materialet til ditt eige bruk.
Din brukarID og ditt passord til avisa sine Internett-produkt må ikkje delast med andre enn medlemer av husstanden din. Viss du deler din brukarID og/eller ditt passord eller på annan måte misbruker avisa sine tenester, atterheld avisa seg retten til å stengje tilgangen til din brukar med snarleg verknad, samt at du mister retten til produkt og tenester du eventuelt har kjøpt tidlegare.
