Avis i Skolen

Kva er Avis i Skolen

Føremål: ”Avis i Skolen” skal arbeide for at born og unge skal bli aktive brukarar og medvitne lesarar av aviser på papir og digitalt, med fokus på å stimulere elevane sine leseferdigheiter, interesse for samfunnsspørsmål og medverknad i demokratiske prosessar.

”Avis i Skolen” (AiS) blei organisert som eiga landsomfattende verksemd i 1971 med føremål å etterutdanne og kurse lærarar, og å utgi læremateriell.

AiS gir ut undervisningsmateriell med serien “Avis – eit massemedium” som hovudhefter.

Medlemsaviser i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) står bak AiS.

”Avis i Skolen” i regionane blir dreve av medlemsaviser i lokale avisforeiningar.

AiS skal fremje leseevne og leselyst, avis- og mediekunnskap, og bruk av avis som læremiddel i ein notidsrelatert og aktuell skule.AiS samarbeider med lærarar, skular og offentlege myndigheiter om kurs, rettleiings- og materielltilbod.

AiS er forankra i avisa si samfunnsrolle, og står utanfor den kommersielle konkurransen mellom aviser.

Les og lær meir om Avis i Skolen her