– Det kjem veldig mange kommentarar frå folk som trur alt på skjermen er ein realitet

KULTUR: Lars Barmen, kjendis-kokken frå Selje, er å sjå i kjendis-Farmen på TV2.

KJENDIS-TV: Kokk Lars Barmen frå Selje er med i «Farmen kjendis» ilag med andre kjendisar.

KJENDIS-TV: Kokk Lars Barmen frå Selje er med i «Farmen kjendis» ilag med andre kjendisar. (Foto: )

DEL

– Det var ei veldig artig oppleving å vere med. Eg fekk venner for livet, seier Lars Barmen frå Selje, som er med i TV2 programmet «Farmen kjendis», som hadde premiere for ei veke sidan. 

Kommentarar i fleng frå tv-sjåarar

På det meste har nær 900.000 tv-sjåarar følgt dei tolv kjendisane som lever tett på kvarandre på Storøy gard i Bamble i Telemark.

Her skal dei kjempe for å greie seg på garden og i programmet gjennom tvikampar. 

– Eg merkar godt at mange ser på, for det kjem kommentarar heile tida. Særleg frå mange «sofa-farmarar» som trur at alt som viser på skjermen er heilt reelt. Det er berre ein liten prosent av alt som skjedde som blir sendt, og så blir det jo klipt til.

I den ordinære utgåva av Farmen, har fleire lokale deltakarar vore med, mellom anna Frank Anders Åmot frå Jølster, Kristina Austrheim Bratten frå Førde, Joar Søhoel frå Sogndal og Marte Søreide frå Bjordal, som i etterkant har skaffa seg sin eigen gard.

Krangling på skjermen

I løpet av den første veka av «Farmen kjendis» har mykje handla om dei stadige kranglar mellom Kari Jaquesson og Aylar Lie.

– Var det mykje drama i løpet av opphaldet, slik den første veka på tv-skjermen gir inntrykk av?

– He he, det roa seg nok litt etter kvart for å seie det enkelt. Det skal litt for å toppe starten.

FARMEN: Kjendisgjengen samla på «farmen»: Frå venstre Ingeborg Elisabeth Didriksen Myhre Luedlow, Leif-Einar «Lothepus» Lothe, Tore Petterson, Tonje Helene Blomseth, Lavrans Solli, Ida Gran-Jansen, Aylar Lie, Jarl Goli, Vendela Kirsebom, Petter Pilgaard, Kari Jaquesson, Lars Barmen, programleiar Gaute Grøtta Grav.

FARMEN: Kjendisgjengen samla på «farmen»: Frå venstre Ingeborg Elisabeth Didriksen Myhre Luedlow, Leif-Einar «Lothepus» Lothe, Tore Petterson, Tonje Helene Blomseth, Lavrans Solli, Ida Gran-Jansen, Aylar Lie, Jarl Goli, Vendela Kirsebom, Petter Pilgaard, Kari Jaquesson, Lars Barmen, programleiar Gaute Grøtta Grav. (Foto: )

Tv-kokken syntest det gjekk fint å leve tett på dei andre.

– Eg gjekk godt overeins med dei fleste. Eg har heile livet jobba tett og nært på folk, så det var ein god eigenskap å ha med seg, seier Barmen, som tidlegare har vore med i kjendisutgåva av «71 grader nord» på TV Norge, der han kom på femteplass.

– Forferdeleg tungvint

På garden må dei tolv kjendisane leve av det naturen og garden gir dei, og det var nettopp dette som freista Barmen til å vere med:

– Eg var nysgjerrig på korleis det var å leve for 100 år sidan og om det var noko eg hadde greidd.

Etter deltakinga i programmet, trur kokken at svaret er ja, men han er veldig glad for at han lever i 2017 og ikkje i 1917.

– Alt var forferdeleg tungvint og du måtte jobbe frå morgon til kveld. Du kunne ikkje berre henge og slenge rundt, men måtte vere i aktivitet heile tida for å komme i mål. 

Mange fekk ei aha-oppleving

Kokken syntest dette gjekk greitt, han er vant med å jobbe mykje og har også sitt eige småbruk. 

– Men det var ein del av deltakarane som fekk ei aha-oppleving. For den gongen var det jo slik at skulle du lage mat, så måtte du finne ei øks og slipe den. Så måtte du i skogen og hogge ved. Deretter måtte du fyre i omnen for å lage maten.

Barmen har, ikkje heilt uventa, stått for ein del av matlaginga under programmet.

– Det var ganske avgrensa med mat, så det blei ganske einsformig. Vi fiska heile tida og hadde elles berre potet og korn. Så maten blei ganske einsformig, seier kokken, som lovar tv-sjåarane at dei har mykje spennande og god tv-underhaldning i tida framover. 

Deltakarane i Kjendis- Farmen

KokK Lars Barmen

Lotto-vertinne Ingeborg Myhre Luedlow

«Fjorden Cowboys»-stjerna Leif-Einar «Lothepus» Lothe

Komikar Tore Petterson

Bloggar Tonje Blomseth

Symjar og modell Lavrans Solli

Tv-bakar Ida Gran-Jansen

Skodespelar og programleiar Jarl Goli

Modell og programleiar Vendela Kirsebom

Modell og pokerspelar Aylar Lie

Petter Pilgaard, kjend frå reality-tv

Tv-profilen Kari JaquessOn ( rauk ut søndag kveld)

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags