Erlend Apneseth er nominert til Spellemannsprisen

KULTUR: Erlend Apneseth Trio kan vinne Spellemannspris i «Open klasse». Og naustedøl er med på det som kan bli kåra til årets låt.

Erlend Apneseth frå Jølster er nominert til Spellemannspris i «Open klasse».

Erlend Apneseth frå Jølster er nominert til Spellemannspris i «Open klasse». (Foto: )

DEL

For 44. gong skal Spellemannsprisen delast ut 28. januar. Totalt skal det delast ut 26 prisar. I «Open klasse» er jølstringen og felespelaren Erlend Apneseth og hans trio nominert for «Det andre rommet». Det melder NRK. 

Med seg har Apneseth Øyvind Hegg-Lunde på trommer og gitarist Stephan Meidell.

Dei konkurrerer med Stian Westerhus, Susanna og Trygve Seim om Spellemannsprisen.

Hans andre plate

«Det andre rommet» blei gitt ut i februar i fjor, og er Apneseth si andre plate.

TRIO: Erlend Apneseth (t.v.), Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde.

TRIO: Erlend Apneseth (t.v.), Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde. (Foto: )

Plata har hausta gode kritikkar og var mellom anna med på Aftenposten si topp fem-liste av klassiskåret 2016. «Det låter fremmed og kjent på en gang, og har fått meg til å vende tilbake til platen gjennom året, som en historie jeg vil høre igjen og igjen» skriv Maren Ørstavik.

Les også: Blei kontakta av Førdefestivalen og fekk litt av ei bestilling

Naustedøl med årets låt

I kategorien «Årets låt» er bergensaren Alan Walker nominert med songen «Faded», der Iselin Solheim frå Naustdal er vokalist. «Faded» er spelt over 571 millionar gongar på musikkstrøymingstenesta Spotify.

– Det er absolutt det største som har skjedd meg musikalsk. Det er heilt surrealistisk. Eg føler meg veldig heldig, sa Iselin Solheim om låten då Firda intervjua henne i fjor.

Les også: 100 millionar har høyrt stemma til Iselin og For halvtanna år sidan var Iselin nær å gi opp songkarrieren

Iselin Solheim frå Naustdal er vokalen du høyrer på Alan Walker sin «Faded» som no kan bli årets låt.

Iselin Solheim frå Naustdal er vokalen du høyrer på Alan Walker sin «Faded» som no kan bli årets låt. (Foto: )

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags