Eva Weel Skram får Luttprisen

Fekk tildelt Luttprisen som går til årets artist i Sogn og Fjordane 2016.

Eva Weel Skram fekk i dag utdelt Luttprisen for tredje gong.

Eva Weel Skram fekk i dag utdelt Luttprisen for tredje gong. (Foto: )

DEL

– No blei eg veldig veldig overraska og utrulig glad. Eg er djupt takknemmeleg over å få ei slik annerkjenning, etter det som har vore det mest hektiske, men og det mest fantastiske året eg har hatt nokon sinne! Tusen takk til juryen og til alle som har stemt, og til alle som på ein eller annan måte har fulgt meg dette året. Det har vore heilt magisk, seier Eva Weel Skram i ei pressemelding.

Luttprisen er NRK Sogn og Fjordane sin pris til årets artist i Sogn og Fjordane. Vinnaren er kåra av ein folkejury av publikumsrøyster saman med ein fagjury. Prisen er ein kunstdiplom og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. I år kom det inn heile 5000 røyster frå publikum.

Les også: Popprinsessa alle vil ha ein bit av

Prisen blei delt ut i Stavanger laurdag, fordi Weel Skram har ein spelejobb i oljebyen denne helga.

For tredje gong

Eva Weel Skram blir historisk som den første som får Luttprisen for tredje gong. Som nybakt mamma starta Eva 2016 som deltakar i TV2-programmet «Hver gang vi møtes,» der ho framførte fleire sjøvskrivne tekstar på både dialekt og nynorsk.

Pluss for dialekten

Juryen trekk fram bruken av nynorsk som eit ekstra pluss frå sist Eva fekk Luttprisen. Eva får stipend frå Sparebanken Vest som ein del av prisen. Tore Dvergsdal i banken, seier Eva Weel Skram er ein artist som i år har vore med å sett fylket på kartet.

– Vi er glade og stolte over å kunne dele ut Luttprisen 2016 til Eva. Ho har gjennom fleire år levert heilt i toppen, og har det siste året befesta sin posisjon som ein av landets fremste artistar. Vi håpar prisen kan vere med på å inspirere til vidare arbeid dei neste åra, seier Dvergsdal i pressemeldinga.

Les også: Ho er songstemma bak NRKs nye juleserie på TV

I fagjuryen sit Jan Inge Fardal i Sogn  Avis, Hilde Bjørkum i Førdefestivalen, Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest, Stein Aase i NRK og Øyvind Lyslo frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Desse har fått Luttprisen tidlegare

2015: Good Time Charlie

2014: Thea Hjelmeland

2013: Karl Seglem

2012: Vreid

2011: Eva Weel Skram

2010: Sigrid Moldestad

2009: Håvard Lothe

2008: Generous Days

2007: Sigrid Moldestad

2006: Eva Weel Skram

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags