Så populære at dei treng ein ekstra kveld

FØRDE: Poppis-revyen i Angedalen treng ei ekstra oppsetting, for å tilfredsstille publikum.

FRÅ FØRESTILLINGA: Jøran Vallestad, Espen Kvamme og Johan Andreas Sortevik i fyr og flamme.

FRÅ FØRESTILLINGA: Jøran Vallestad, Espen Kvamme og Johan Andreas Sortevik i fyr og flamme. (Foto: )

DEL

Angedalsrevyen 2016 er allereie ein stor suksess – fordi han ikkje er over, når han eigentleg skulle vore det: Etter tre vellukka framsyningar, på laurdag, sundag og måndag, dukkar det opp endå eit høve, onsdag kveld.

Kveldens framsyning av «#Vi tek poenga innomhus!», den fjerde og siste, startar klokka 19.00, og det blir ikkje noko førehandssal. Tidlegare har billettlause publikummarar måtta møte ein halv time før showet er i gong, for å få ein fot innanfor og eit sete å sitje på.

Slik vert det i kveld òg, i lokalet på Angedalen skule. Billettsalet startar klokka 18.00.

– Folk skal kunne kjenne seg att

PÅ TELEFON MED FIRDA: Torun Vindheim, revystjerne og primus motor i Angedalsrevyen.

PÅ TELEFON MED FIRDA: Torun Vindheim, revystjerne og primus motor i Angedalsrevyen. (Foto: )

– Torun Vindheim, revystjerne og primus motor i Angedalsrevyen: I kveld vert det ekstra oppsetting. Kva tenkjer du om det?

– Det tenkjer eg er noko av det mest fantastiske som finst, rett og slett: at vi i vesle Angedalen greier å lage noko som så mange vil sjå!

– Kva er det som gjer at de greier å lage gode revyar, år etter år?

– Sei det, du. Vi har flinke skribentar, og så har vi gode skodespelarar.

Skodespelarane får tildelt roller, men får lov til å utvikle dei sjølve. Tekstane byggjer på følgjande suksessformel:

– Vi har ein regel alle er einige om: det enkle og kvardagslege, det slår alltid til, det gjer at folk kan kjenne seg att.

Strålande melding i Firda

Meldaren i Firda, Ole Johannes Øvretveit, sparte ikkje på krutet då han omtalte revyen i førre veke:

– Eg greip meg sjølv i å sitje med open munn og berre hoppe på stolen i vente på neste poeng. For her kom latterkulene som salvane på ei skytebane.

LES MELDINGA HER: Med kjenslene tjukt utanpå

Alle dei nødvendige elementa for ein real bygdefest, var på plass, meinte meldaren: Smekkfull sal, ei enkel scene, eit revyorkester samansett av ein kar på trekkspel og eit blandakor.

Facebook var tilskodarane tilsvarande smørblide:

– Ditta va øye kjekt

– Fantastisk flott   de er gode 

– Ja ditta var utruleg kjekke timar...so bra jobba alle sammen☆

– I kveld er den viktigaste førestillinga

Torun Vindheim gler seg til kveldens førestilling, men kviler ikkje på laurbæra, etter gode tilbakemeldingar på dei ordinære framsyningane.

– Eg er heilt klar på at førestillinga i kveld er den viktigaste. Dette er ei ekstra førestilling, og det betyr at det truleg kjem folk som ikkje hadde tenkt å gå, men som har høyrt om oss og late seg overbevise. Målet for kvelden er å vere så gode at dei kjem att neste gong.

No er skodespelarane i sluttfasen av årets revy, og legg dei siste kreftene inn i den. Det er om lag eitt og halvt år sidan sist gong, og alle involverte er opptekne av at det ikkje er berre å lage revy, og at kvaliteten må vere god.

Men at det blir fleire revyar – ja, om det finst ingen tvil:

– Heilt bombesikkert, seier Vindheim.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags