Sofia (15) er spelt 44 000 gongar på fire dagar

GLOPPEN: Sofia Hyttedalen gjer det bra på Youtube, P3 og Spotify: – Det er veldig kult.

SCENEVAND: I 2015 stod Sofia Hyttedalen på scena under Ungdommens Kulturmønstring (UKM).

SCENEVAND: I 2015 stod Sofia Hyttedalen på scena under Ungdommens Kulturmønstring (UKM). (Foto: )

DEL

Sofia Hyttedalen (15) frå Sandane har samarbeidd med artisten Coucheron om låten «Loud». Fasiten, fire dagar etter at låten vart sleppt, er 44.000 lyttingar på Spotify. På Youtube har 65.000 klikka seg inn på låten, etter berre to dagar. Og sjølvaste P3 har songen på si C-liste.

– Eg tykkjer det er veldig spanande å arbeide med han. Han er jo ein relativt etablert artist, så det set eg stor pris på, seier ho.

Kompanjongen heiter Sebastian Teigen (22), men kallar seg Coucheron. Han kjem frå Asker, og har teke artistnamnet frå eitt av sine tre mellomnamn. Han er blitt samanlikna av VG Rampelys med den svenske superstjerna Avicii, og har allereie skapt seg eit ry i USA.

– Resultatet vart veldig bra

– Han hadde laga nokon songar, som han ville ha lagt vokal på. Så han sende ut tekst og melodi til ulike artistar, og det viste seg at han likte min versjon.

Songen Hyttedalen opphavleg song på, er ein annan enn «Loud», som vart sleppt førre veke.

– Eg tykkjer resultatet vart veldig bra, det er veldig kult. Vi deler inntektene av salet, så det vart ganske rettferdig.

For tida går femtenåringen første året på musikklinja ved Firda vgs., men ho ønskjer å arbeide vidare med musikken. Då songaren og låtskrivaren fekk Drømmestipendet for 2016, fortalde ho at Susanne Sundfør, Aurora og Emilie Nicolas var mellom førebileta.

– Eg har ikkje heilt bestemt meg for framtida, men vil absolutt jobbe med musikk, og trur det kan vere realistisk.

Erfaren songfugl

Hyttedalen har tidlegare opptredd på landsfinalen i Ungdommens Kulturmønstring (UKM), og har sunge mange konsertar i regi av kulturskulen. Då Opera Nordfjord sette opp musikalen «The Sound of Music» i fjor, var det med henne i rolla som Louisa von Trapp.

– Eg har laga songar sidan eg var lita. Begge foreldra mine er opptekne av musikk, og då faren min kjøpte inn utstyr, begynte eg å produsere eigne songar, i studioet i kjellaren.

Resultatet av arbeidet ligg på Soundcloud, der Sofia Hyttedalen eit par veker har brukt artistnamnet S H Y. Det er kort og fengjande, men ho er likevel ikkje sikker på om det er heilt dekkjande:

– Eg har vel ikkje heilt den beskjedne eigenskapen. Faren min har kalla seg det alle år, så det er litt overføring frå generasjonane, men det er jo litt morosamt at det betyr noko, seier den unge artisten – som kanskje vert kjent som S H Y.

Her kan du høyre songen «Loud»:

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags