EA gjer her eit forsøk på å gjere rally «fancy» og glitrande, ei form for rein underhaldning der køyredugleik, konsentrasjon og bilkunnskap er mindre viktig.
Er det tomt tidsfordriv – utan dei store krava til realisme du er på jakt etter, kan du halde fram med å lese resten av denne artikkelen.
For alt er ikkje berre negativt med dette spet, det skal EA ha. Grafikken på landskapet du ferdast i er i kjend og god EA-stil, der du lett kan kjenne att element frå spel som til dømes SSX. Lyseffektane er ganske gode, men fargane vert litt for skarpe og unaturlege. Køyrer du bilen på gjørmete veg vert den sølete og skiten på ein måte som ser ganske så ekte ut. Men når vi først er inne på det med køyring, så er styringa¿ ja som eg har indikert, dette er ingen køyresimulator. Bilen sklir her og der som om du køyrer på spegelblank is. Det beste er ofte å leggje seg opp til autovernet og følgje det rundt svingen.
Dessutan har lydavdelinga til EA anten ein god grunn til å streike for høgare budsjett, eller så bør dei få eit alvorleg varsel om å skjerpe seg. For under spelets gang får eg lyst til å stoppe bilen og sleppe ut dei irriterande biene som tydelegvis har erstatta motoren din. Motorlyden er med andre ord fæl! Deretter får eg trong til å skyte stereoanlegget som heile tida pumper ut den same einsformige plastikk-disco'en. Det tok meg fem minutt fø r eg kjende ei vanvittig trong til å skru av lyden på spelet og setje på ein musikk-CD i staden. Men eg beit tenna saman og spelte i eit par timar til. Berre for å kunne konkludere at du ikkje treng gjere det same