Moro, men kort zombieskytar 

Nyskapande skytefest

WII: Med Overkill tek Sega House of the Dead-serien i ein heilt ny rettning.

Publisert 12.03.2009 kl 23:24 Oppdatert 12.03.2009 kl 23:24

Tips ein venn på e-post:

Overkill klarer det å halde den gylne linja mellom underhaldande og usmakeleg
LITT PÅ KANTEN: Med knalltøffe hovudpersonar, eit sinnsjukt plott og stilige retromenyar, er House of the Dead Overkill litt uranom det vanlege.
RÅTT: Presentasjonen i Overkill er heilt rå. Kvart av bretta har heilt sjuke namn.
House of the Dead Overkill

House of the Dead: Overkill

  • Utgjevar: Sega
  • Utviklar: Headstrong Games
  • Genre: Skytespel
  • Format: Nintendo Wii
  • Aldersgrense: 18 år

House of the Dead Overkill opnar med ein fagleg forklaring på ordet "overkill", og deretter er det berre å gripe Wii-kontrollen og plaffe laus på udøde monster, morderiske legar og karnevalfolk - og sjølvsagt store fæle bossar.

Klassikar
House of the Dead-serien går langt attende og sjølv om dei fleste spela i serien ikkje har vore særleg seriøse i si tilnærming til skyting av hjernedøde fiendar, er Overkill ein frisk pust.

I beste Quentin Tarentino-stil kjem upassande kommentarane på rekkje og rad. Spelet sine to hovudpersonar (ja, to kan skyte på zombiar samtidig med kvar sin Wii-kontroll), er hardbarka og blotta for moral og medkjensle.

Hard språkbruk
Banneord står i taket og ord som hemn og dreping sit laust. I tillegg er det ein sjuk kommentator som mellom kvart brett legg på hardt og tungt i beste B-film frå 60-tallet stil. Det heile er toppa med funky musikk (for sikkerheits skuld blanda med replikkar frå spelet).

Det heile vert ein eksplosjon av hardtslåande gladvald, raske panoreringar og mange, mange skotvekslingar. Ein hoppar frå sjukehus til tivoli, gjennom eit tog og inn i ein sump, heilt til den hardtslåande finalen i eit fengsel, som vil få Prison Break-gjengen til å springe skrikande mot murane.

Flott å sjå til, på sin måte
Wii er ikkje den kraftigaste spelkonsollen når det gjeld grafikk, men i staden for å prøve å skjule dette trykker Overkill til med utvaska grafikk og kornette støyfilter i beste VHS-stil, med knitring i lyden og tilfeldige flekkar og striper i biletet.

Det kunne gått ille, men det er faktisk med på å heve opplevinga.

Kort
Sjølv om spelet er kort er det mogleg å spare opp pengar for å skaffe seg betre våpen og låse opp ulike bonusting. Spelet har også ein ekstramodus, der ein kan spele gjennom ein utvida versjon av kvar av bretta - då med fleire fiendar.

Det er også med nokre bonusbrett der ein kan skyte på blink, eller overleve eit tal runder, men dette er kort og også litt meiningslaust.

Konklusjon
HOTD: Overkill er eit vilt skytespel, med meir gørr og guff enn i sjølv den råaste splatterfilm. Det er kort og merkeleg, med eit frykteleg og usmakeleg sluttpoeng.

Likevel klarer det å halde den gylne linja mellom underhaldande og usmakeleg - samstundes som det er moro.

Mest lese no

...

Eldre mann brutalt rana

Nyhende Vart oppdaga då heimesjukepleien kom på besøk. Les meir

...

Kjærleiken førte han til Førde

Bandwagon No er den kanadiske musikaren på jakt etter band. Høyr musikken hans på Bandwagon. Les meir

...

Åshild starta rassikringa

Motor På plass bak spakane i gravemaskina. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.