...
Dei minste detaljane gjev ofte den største gleden, legg merke til dei glødande bremseskivene
Realistisk racingmoro 

Racingsimulator med stor R

360: Ikkje akkurat Driving Miss Daisy. Forza Motorsport 2 gjev deg mykje fart og spenning for pengane. Du bør ha tunga rett i munnen når du set deg i førarsetet i muskelbilane du vert servert i denne racingsimulatoren.

Publisert 09.07.2007 kl 09:32 Oppdatert 23.07.2007 kl 14:04

Tips ein venn på e-post:

Ein tur i autovernet i 150 vil utan tvil gjeve deg store problem med å halde styringa etterpå
...
FM2 byr på moglegheit til å køyre klassikarar som denne Chevy Chevellen.
...
Ingen bilspill er komplette uten minst ein Porche 911, FM2 byr på ikkje mindre enn sju variantar frå ein 1973 Carrera RS til GT3 frå 2003

Forza Motorsport 2

  • Utgjevar: Microsoft Game Studios
  • Utviklar: Turn 10
  • Genre: Bilsimulator
  • Format: Xbox 360

Bil er best på konsoll og det tok ikkje lang tid å konvertere min XBOX 360 til ein fullblods racingsimulator! Forza Motorsport 2 er eit spel som krev mykje av deg som racerbilsjåfør. Det krev at du set deg inn i korleis ein verkeleg skal køyre bil med stor motor (for så vidt bilar med små motorar og). Det krev at du investerer tid i å terpe og trene på å runde gatehjørna i akkurat passe fart, bremse ned i tide og gasse så tidleg som mogleg ut av svingen. Om ein har tolmod kan ein finjustere bilen til å oppføre seg riktig ut frå din eigen køyrestil. Dette er ikkje spelet for dei som likar best ”av og på” gassing og bilar som ikkje tek skade. Ein tur i autovernet i 150 vil utan tvil gjeve deg store problem med å halde styringa etterpå for her får hjulopphenga dine fort skade. Mister du frontspoileren din vil du merke at du har mindre marktrykk og resultatet vert understyring og nye påfølgjande utkøyringar om du ikkje er forsiktig, heldigvis kan du ta eit kjapt ”pit-stop” for å få reparert dei verste skadane, men ver forberedt på å hente inn forspranget til dei andre bilane etterpå, motstandarane venter ein ikkje på nokon.

Stort utval av bilar

Etter kvart som du får teken på køyringa og byrjar å krype oppover karrierestigen får du fleire og fleire bilar å velje mellom, spelet byr på så mange som 310 ulike bilar, frå Ford Focus til Koenigsegg via gamle klassikarar som ’67 Chevrolet Corvette Stingray og ’69 Dodge Charger. Å komme vidare krev og meir og meir av deg som spelar, du vil måtte fullføre løp med fleire og fleire rundar etter kvart som du stig i gradene. Løpa går på verdskjende baner som Nürnburgring, Silverstone, Suzuka i tillegg til baner som utviklarane har funne opp sjølv (blant anna eit løp i New Yorks gater). Om du har spelt Forza Motorsport på XBOX før vil menyar og karrieredelen av spelet verke veldig kjent. Mange av banene i FM2 er identisk med banene i originalen men sjølvsagt i mykje betre utføring.

Flott grafikk for hobbyfotografen

Grafikken er feiande flott og då er det kjekt med moglegheit for litt hobbyfotografering. På dette feltet held FM2 fram med å briljere, for i fotomodus har du alle moglegheiter som ein kvar profesjonell fotograf kan ønskje seg. Du kan justere blender, lukketid, zoom, fokus og mykje meir når du ”knipsar”. Detaljar som glødande bremseskiver og oppskrapa lakk (det går ikkje å unngå litt ”knuffing” når ein slåss om førsteplassen) gjer at du får realistiske foto.

Litt for rånarane og

Rånarane får og litt å tukle med i spelet, du kan lakke bilen din akkurat slik du vil ha den, sette på sponsormerker og vinylar. Personleg syns eg det var for mykje kludring med plassering av vinyl og merker. Ein får eit relativt stort sett med geometriske figurar som kan plasserast, men i mine auge vert det for vanskelig å plassere desse slik at bilen vert lik på begge sider.

Konklusjon

Forza Motorsport 2 er ein verdig oppfølgjar til første versjon av spelet. Eg kan absolutt tilrå deg å kjøpe dette spelet om du ikkje har gjort det allereie. Så får vi håpe det ikkje vert meir fint vær denne sommaren, elles kjem du garantert til å ha dårleg samvit når du sit inne og køyrer muskelbil!

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.