«I dag er eg grådig stolt»

– Eg er grådig stolt, strålar rektor ved Firda vidaregå ande skule, Kjell Arnestad, rett etter teppefall på generalprøva på musikalen «Spelemann på taket».
Svein Heggheim
Svein Heggheim Profil E-post
Publisert 28.03.2003 kl 19:00 Oppdatert 01.04.2003 kl 11:14

Tips ein venn på e-post:

...
MEKTIG: Elevane ved musikklinja slo til med ei mektig tolking av «Spelemann på taket» som skildrar tilstanden i Russland i 1905. Her får slaktaren Lazar Wolf (Oskar Kvamme (t.v) Tevyes (Per Inge Hove) ja til å gifte seg med dottera Zeitel. Avtalen blir inngått på ein av byens barar. Foto: Olav Øygard

– Dette avlivar alle mytar om giddalaus og uengasjert ungdom, seier Arnestad.

Han har nettopp sett 16 til 18 år gamle ungdommar i nesten tre timars fri utfalding på scena i den krevjande musikalen signert komponisten Jerry Bock med tekstar av Sheldon Harnick og Joseph Stein. I lange periodar gløymde vi nesten at aktørane ikkje var blaserte proffar, men speleglad ungdom som får utvikle og foredle sitt talent på det som kan kallast talentfabrikken på Sandane.

– Mi første store rolle

– Eg trur det gjekk bra, seier Per Inge Hove. 18-åringen frå Vik tolka rolla som Tevye, faren i den russiske jødefamilien denne musikalen handlar om.

– Mi første, og kanskje siste store rolle, seier han beskjedent etter nærmast å ha blitt kasta inn i sitt livs hittil tøffaste utfordring. Hove gjekk nemleg første på allmennlinja ved Hafstad vidaregåande. Sist haust flytta han til Sandane og musikklinja. Dermed var vegen kort til hovudrolla i musikkspelet.

– Eg har til dags dato ikkje angra på valet, smiler 18-åringen.

Før generalprøva var han spent på om stemma heldt. Det har nemleg røynt hardt på dei siste dagane. Men den heldt gjennom heile framsyninga.

– Må halde kjeft

– No må eg pleie stemmebanda godt ved å halde mest mogeleg kjeft, drikke mykje vatn og te, smiler Hove. Vel vitande om at alt søndag kveld er det duka for ny framsyning. Måndag kveld er det ekstraframsyning, også den i Aulaen på Firda vidaregåande skule.

– Han kom som kalla, og gleid rett inn i rolla som Tevye, både med tanke på utstråling, song og ikkje minst evna til å hugse og framføre tekstane, seier musikklærar Trygve Apalset.

Fabel og Fjøgl

Musikalen opnar den store jubileumsveka ved Firda vidaregåande. Etter premiera søndag går deg slag i slag med framsyningar av dagens elevar og tidlegare elevar ved musikklinja. Blant hovudattraksjonane finn vi «Fabel» og «Fjøgl», begge gruppene har tidlegare musikklinje-elevar i sin midte.

– I løpet av denne veka vil vi vise den store breidda ved musikklinja, seier rektor Kjell Arnestad.

Mest lese no

...

Eldre mann brutalt rana

Nyhende Vart oppdaga då heimesjukepleien kom på besøk. Les meir

...

Kjærleiken førte han til Førde

Bandwagon No er den kanadiske musikaren på jakt etter band. Høyr musikken hans på Bandwagon. Les meir

...

Åshild starta rassikringa

Motor På plass bak spakane i gravemaskina. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.