Slik går du fram dersom du skal sende mange og/eller store filer til ei avdeling i Firda, firda.no, eller trykkeriet:
Har du store filer, t.d. ein video, eller mange bilete, dokument eller annonser, er det aller best og raskast at du brukar verkøtyet på denne adressa:
https://n1.fileflow.com/application/webcourier.php?u=1MH3X6MI
Ver obs. på at når du kjem til nettsida på adressa ovanfor må du tillate
installering av ActiveXControl (du må klikke på den gule linja over
nettlesarvindauget, og godta installering).
Deretter må du fylle ut desse felta:
Your Name: Namnet ditt.
Your company: Skriv du kva bedrift du sender filene for. Om du sender
filene som privatperson, kan du skrive Privat.
Your email address: Di epostadresse (eller den du vil vi skal kontakte
deg på).
Send files to: Select address book entry. Her vel du kva
avdeling i Firda som skal motta filene:
Annonse - annonseavdelinga
Firda Trykk/Reklame - trykkeriet
Fotoavdeling
IT-Avdeling = IT-sjefen
Internettavdeling = redaksjonen firda.no
Redaksjon = avisredaksjonen
Sporten = sportsredaksjonen
X-trasending (firda.no) = Biletseriar til firda.no - KUN etter avtale
Subject: Skriv emnet for filene, t.d.: "Bilete frå Skåla opp"
Message: Skriv evt. ei kort melding til Firda.
Til slutt trykkjer du Select files. Då får du opp eit vindauge der du
kan bla i katalogane dine og velje ut dei filene du vil sende. Du kan merke
fleire filer i slengen vel å halde nede Ctrl medan du klikkar på
ei og ei fil. Om filene ligg etter kvarandre kan du alternativt halde nede Shift
og klikke på den første og den siste fila i serien, slik at alle blir
merka.
Når du har merka filene vel du: Add selected file(s). Deretter
kan du legge til fleire filer om du vil.
Til slutt, når du har valt alle filene du vil sende, trykkjer du på Send
selected file(s), og du er ferdig. Avdelinga du sender til får
epostvarsel med det same filene dine er sendt. Takk for hjelpa!
ANDRE ALTERNATIV:
For å sende oss beskjedar, eller t.d. enkeltbilde som MMS, kan du kontakte
oss her:
Tipstelefon: 57 83 33 33 (når det hastar - døgnet rundt - heile året)
E-post: redaksjon@firda.no
E-post firda.no: internett@firda.no
SMS med "fitips" og din tekst til nr. 2005
MMS med ditt foto, teksten "fitips" og deretter din tekst til
nr. 2005
(NB !Sender du SMS/MMS/e-post/faks må du i tillegg varsle på tipstlf. 57
83 33 33 når saka hastar)
Sentralbord tlf.: 57 83 33 00 · Telefaks: 57 83 33 34
Postadresse: Avishuset Firda, Firdavegen 12, Postboks 160, 6801 Førde