- Vi kollapsa fullstendig

Åskollen fekk ein flying start med scoring allereie etter eitt minutt. Førde vart utklassa i opprykkskampen. - Eg er heilt rysta og lamslått, seier Førde-trenaren.

(Foto: Rune Fossum)

DEL

Åskollen fekk tre mål det første kvarteret, og Førde måtte berre satse framover på bana. Når dei i tillegg får ein spelar utvist, gjer det oppgåva nærast umogleg. Kampen enda 8-1.

Knut Erik Folland, trenar for Førde, er oppgitt etter det han kallar ein pinleg framsyning.

- Dette er det verste eg har vore med på. Vi kollapsa fullstendig, seier han.

Folland har sjølv lang fartstid på fotballbana. Han har spelt nærare 200 kampar for Løv-Ham.

- Det såg ikkje ut som at spelarane hadde forstått alvoret. Eg er heilt rysta og lamslått, seier Folland.

Han legg til:

- Vi nådde ikkje målet om opprykk, men vi har fått erfaring. Det er viktig. Det blir ingen problem å motivere seg til ein ny sesong i 3. divisjon.

Artikkeltags