Bustadprisar på nivå med Oslo og Bergen

Kvadratmeterprisen for leilegheiter i Førde og Sogndal er på nivå med Bergen og sentrale deler av Oslo.

VEKS: Prisnivået på leilegheiter i Førde veks, og er på nivå med Oslo og Bergen.

VEKS: Prisnivået på leilegheiter i Førde veks, og er på nivå med Oslo og Bergen. (Foto: )

DEL

– Både i Førde og Sogndal har prisauken vore veldig sterk i 2016, skriv dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad i ei pressemelding.

Større auke enn Bergen
Dagleg leiar Eigedomsmeling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad.

Dagleg leiar Eigedomsmeling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad. (Foto: )

Han viser til fersk bustadstatistikk frå Eigedom Norge, Eiendomsverdi og Finn.no. Den viser at Sogn og Fjordane hadde ein gjennomsnittleg prisvekst på 10,9 prosent. Dette er litt mindre enn landsgjennomsnittet på 12,8 prosent, men Sogn og Fjordane hadde meir enn dobbelt så stor vekst som Hordaland, som hadde ein vekst på fem prosent og Møre og Romsdal med ein vekst på 4,8 prosent i 2017.

Trur veksten vil halde fram

Og Kårstad trur veksten vil halde fram også i 2017.

Det nye året startar nemleg med få bustader ute for sal. Ikkje berre i eige fylke, men på landsbasis er tilbodet også lågt.  

– Difor ventar vi sterk vekst i bustadprisane i første halvår. Etterspurnaden etter nye bustader er høg i dei største regionane, og tal nybygg har ikkje vore tilstrekkeleg høg nok til å dekke denne dei siste åra. Der er nokre større prosjekt på gang som vil kunne endre dette, men desse er uansett klare for sal før tidlegast i andre halvdel av 2017. Deretter er det eitt til to års byggetid, seier Kårstad.

Gode prisar også i Florø

Han trur på ein prisvekst på om lag åtte-ni prosent i Sogn og Fjordane neste år.

Veksten er størst i Førde og Sogndal, men prisane er gode også i Florø:

– Florø har også gode prisar, medan vi ser noko flatare prisutvikling i områda rundt regionsentera. Men ein sterk vekst i byane gjer at også nabokommunar får god vekst. Når prisane vert pressa, særleg slik som i Førde og Sogndal er det stadig fleire som ser etter gode alternativ i nabokommunane, forklarar Kårstad.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags