Ida (19) bur i ei fjellhole

Førdejenta Ida Løken (19) studerer på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Og hybelen - det er ei hole i fjellet! Der har ho budd heile skuleåret, sommar som vinter. Vil du vite korleis ein moderne holebuar lever, sjå vår videoreportasje om Ida!

Ida (19) bur i ei fjellhole

For snart eitt år sidan bestemte Ida Løken frå Førde seg for å bli holebuar.

Mathilde Torsøe E-post
Publisert 04.04.2014 kl 18:53 Oppdatert 06.05.2014 kl 13:07

Tips ein venn på e-post:


...
Her har Ida Løken budd sidan mai i fjor. Ho er ikkje i tvil om at ho vert mykje gladare av å bu i hole enn i hus. Foto: Bent Are Iversen

19-åringen går tredjeåret på jord- og hagebruksskulen i Aurland, og bur i ei hole plassert midt i ei ur i fjellsida ovanfor skulen.

Hola er eit avlangt krypinn med ei maksimal takhøgde på 1,2 meter, innreidd med ei villmarksseng dekt av sauefellar, ein defekt fluktstol, ei hengekøye og ein oljelampe.

– Eg har ikkje akkurat noko tempur-madrass, men det er grådig godt å ligge hardt. Og så har eg jo ein død sau eg kan ligge på, det er veldig fint og heitt, seier 19-åringen.

Sjå video om livet i fjellhola.

Utanom stein består senga til Ida òg av halm, eit par liggeunderlag og militærullteppe. Her søv ho i ein sovepose med komforttemperatur på 20 minus.

– Eg slepp i alle fall besøk av Jehovas vitne og dørseljarar her oppe, seier Ida og smiler.

Inspirert av kjærasten

Ho har budd i fjellhola sidan mai i fjor, og det var kjærleiken som førte henne dit.

– Det var ein på skulen min som budde akkurat her i fjor, men då trudde eg nesten ikkje på det. Han fyren vart kjærasten min etter kvart, og når han fekk til å bu her ute vart eg så inspirert at eg fekk lyst til å prøve sjølv. Eg kunne jo ikkje vere noko dårlegare, fortel Ida og smiler.

Det tok ikkje lang tid før ho sette pris på å vakne opp i ei hole.

– Det var eigentleg veldig herleg og spennande med ein gong. Å vakne opp her ute, med fuglekvitter, frisk luft og litt bris, gjer noko heilt anna med deg enn det å vakne opp i eit hus og nesten ikkje gidde å gå ut av senga.

For å komme opp til hola må ein klatre igjennom ei ur på kring 100 meter, fylt av juv og store steinar i ulike posisjonar. I starten syntest Ida det var heftig å måtte gjere dette seint på kvelden. No er det ikkje på same måte, med mindre det er uvêr.

– Når eg då tenker på at eg må klatre gjennom ei ur og legge meg ute, spør eg av og til meg sjølv om kva eg driv meg. Men når eg kort tid etter kjem inn i hola og det er heilt vindstille der inne, angrar eg ikkje i det heile teke. Det er nett då eg opplever nokon av dei finaste augneblinka i hola, seier ho med eit smil som lyser av truverd.

Familien ikkje overraska

19-åringen har aldri kjent seg einsam som holebuar.

– Det er jo fullt dyreliv rundt meg – ugler som syng mellom anna. Det skjer òg veldig mykje sosialt på internatet på skulen, og det hender nokon plutseleg kjem på besøk til hola. Av dei som veit korleis dei kjem seg opp då, seier Ida.

Då ho fortalte at ho skulle flytte inn i ei hole, syntest folk det var rart.

– Det skjønner eg til ein viss grad, det var jo det første eg òg tenkte då eg høyrde om han som budde her i fjor. Likevel har eg inntrykk av at folk ser på det å bu ute eller leve enkelt som usivilisert, medan dei ser på det å ha eit skyhøgt forbruk som heilt normalt. Det provoserer meg.

Det er éin ting folk særleg spør Ida om.

– Dei lurer på korleis eg klarer å lade mobilen. Det synest eg er eit fantastisk bevis på kor vanvitig avhengige vi er av luksusen vi omgjev oss med i dagens samfunn, seier ho.

Familien til Ida vart ikkje så overraska då dei fekk vite at dottera skulle bli holebuar.

– Mamma syntest det var heilt greitt – til ho gjekk gjennom ura med meg i mørket. Då var det plutseleg livsfarleg, så frå då av måtte eg love å sende melding kvar kveld om at eg framleis var i live, fortel ho og ler.

Trur på holeliv for alle

Ida elskar holelivet og det enkle livet i naturen. Ho har bad og toalett utandørs, og i ei plastkorg samlar ho vatn frå fjellet til tannpuss. Dusje gjer ho så sjeldan som mogleg - eit par gonger i veka.

– Det beste med å bu her ute trur eg er stilla. Det viktigaste eg har lært er nok at nordmenn lever i ein heilt unødvendig materialisme. Også trur eg vi har gløymd litt kvar vi kjem frå, seier ho.

Når senga kallar, klatrar Ida opp ura og pussar tennene på «badet sitt». Utanfor hola sett ho seg ofte ned for å sjå på stjernene. Når ho etter kvart klarer å rive seg laus frå himmelen, tenner ho oljelampa inni hola. Ho kler på seg ullpysjamas og ei sovelue som gjer at berre auga og nasen synest. Deretter tek ho litt armhevingar, forsikrar seg om at mobilen er i live og at alarmen er på. Så les kanskje Ida litt. Til slutt trekk ho glidelåsen godt att opp til halsen, og sovnar. Nesten alltid fort.

– Folk lurer på korleis i all verda eg klarer å bu her, men det er jo ikkje vanskeleg. Eg trur kven som helst med helse til å gå gjennom ei slik ur ville klart det. Eg er ikkje i tvil om at eg vert mykje gladare av å bu på denne måten.

Og for dei som lurer på kva som er adressa hennar, er den altså «Ura 1».

Laurdag har Firda ein stor reportasje om den unge holebuaren frå Førde.

.

På framsida no


...

– Heile systemet kollapsa

«Skåla Opp» fullt på nokre timar.

–No eig bygda butikken

Bygdefolket ved Førdefjorden har bladd opp nesten 800 000 kroner for å ta over nærbutikken i bygda Kvammen.