...
Slik vil det sjå ut i Øvre Fossheim om arkitektfirmaet Xform får det som dei vil. Foto: Xform arkitekt

Naboar fortvilar

Fryktar at denne bustaden skal øydeleggje bumiljøet for alltid.

Solveig Peersen E-post
Publisert 10.08.2012 kl 19:01 Oppdatert 10.08.2012 kl 19:04

Tips ein venn på e-post:


Egenannonse


...
Slik vil det kunne sjå ut inne i bustadene. Foto: Xform arkitekt

Naboar i Øvre Fossheim stiller fleire spørsmål ved eit utbyggingsprosjekt Førde kommune har godkjent, og klagen er send vidare til Fylkesmannen.

Skaka og sjokkert

Talsmann for naboane, Sverre Lundal, er skaka og sjokkert over at kommunen har godkjent byggjeprosjektet som skal gjennomførast av Xform. Arkitektkontoret som held til i?Førde, planlegg å oppføre to nye einebustader i Øvre Fossheim. Bustadene vil gå over tre plan, der plan éin delvis vil liggje under bakken. Parkeringsløysinga vil liggje midt i mellom dei to einebustadene.

– Prosjektet har ingen samanheng med arkitekturen som er her frå før. Bygginga vil røre ved og øydeleggje heile bumiljøet for alltid, seier ein fortvila Sverre Lundal. Men det er ikkje berre arkitekturen som bekymrar han.

Farleg

Øvre Fossheim er allereie ein belasta veg, og Lundal fryktar den tenkte innkøyrsla til bustadene vil skape trafikkaos og farlege trafikksituasjonar kvar dag.

–Trafikkmengda er for så vidt ikkje hovudproblemet, men innkøyrsla er lagt til den mest trafikkfarlege delen av vegen, meiner Lundal. Han og nabo Helge Varpe fryktar tilkomsten til bustaden vil vere svært uoversiktleg, og fattar ikkje korleis ein har fått løyve til å leggje innkøyrsla slik den tenkt.

Problem med snørydding

I tillegg til at naboane meiner tilkomsten er uforsvarleg, stiller dei også spørsmål ved forverringa tilkomsten til bustadene vil skape for snørydding.

– Snøryddinga langs vegen er allereie problematisk, seier Lundal. Langs vegen, der snøen tidlegare har blitt skuffa vekk, vil det no vere innkøyrsel og parkeringsplass. Og bustaden vil liggje heilt kloss i vegen.

Misser utsikt

Naboane meiner vidare at dei firkanta bustadene vil dominere og bryte heilt med anna arkitektur i området. Dei synest bygningane framstår som framande element i den attverande naturen.

–Arkitekten argumenterer med at bygningane ikkje vil verte høgare enn vegetasjonen som har stått på tomta tidlegare. Men for oss er det ein stor skilnad på å ha utsikt til tre og vegetasjon, i forhold til å sjå rett på ein firkant, seier Lundal. Han er sikker på at ei oppføring av dei nye bustadene vil føre til verdireduksjon av deira eigne eigedommar.

– Vi vil misse utsikt over fjorden, og dei som bur nedanfor vil misse sola, seier Lundal. Han vil i verste fall vurdere å flytte.

Sendt brev

Sverre Lundal er kritisk til måten Førde kommune har behandla saka på, og føler han ikkje blir teken på alvor. Han meiner kommunen ikkje har sett i verk nødvendige vurderingar, og at dei har stilt for få kritiske spørsmål til kva konsekvensar bustadene vil få for nærmiljøet. Lundal har difor sendt brev til Fylkesmannen, på vegner av naboane, for å få vurdering av ein uavhengig part.?

Tradisjonelt kjem til kort

Dagleg leiar i Xform AS, Christina Kvamme, meiner ei tradisjonell utforming kjem til kort i Øvre Fossheim.Ho fortel at tomta i Øvre Fossheim er krevjande å byggje på, og at ein må tenkje nytt og kreativt.

I tråd med reguleringsplan

– Øvre Fossheim består ikkje av ein heilskapleg arkitektur som ikkje toler nyskaping og puls, meiner Kvamme. Ho seier bustadene er løyst kreativt, med gjennomtenkte og funksjonelle løysingar, sett frå arkitektane sin ståstad. Christina Kvamme fortel at bustadene er forma i tråd med reguleringsplan, føresegn og retningslinjer.

Lite sentrumsnære leiligheiter

Ifølgje arkitekten er det stor mangel på sentrumsnære tomter i Førde, og det ikkje kan vere slik at regulerte tomter ikkje skal kunne byggjast på.

Forstår reaksjonar

– Vi kan til dels forstå at naboar reagerer når tomter har stått ubygd i mange år, men samfunnet vil vere tent med å nytte desse, seier Kvamme. Ho legg til at det er vanskeleg å finne frittståande tomter i Førde, og at større utbyggingsfirma har hand om tomtefelt.

Positiv tilbakemelding

Bustadene vil bli bygde med moglegheit for utleige av kjellar.

– Tida for å byggje kompakte bustader med utleigeleilegheit er tilbake, seier Kvamme. Ho fortel at arkitektfirmaet har fått svært positive tilbakemeldingar på prosjektet, som i desse dagar ligg ute for sal, mellom anna på www.finn.no.

Eiendom til salgs og leie lokalt

Velg kategori

Velg område

De nyeste annonsene

Annonsere? Bestill annonse her

Nyeste bolig

Del av tomannsbustad med god planløysing og gar...

2846413

Bustaden går over to plan og innheld i hovudetasjen: Vindfang, gang, vaskerom, bad/dusj, kjøkken, soverom med walk-in gar...

Prisantydning: 2.100.000,-

Område: Vassenden

Eiendomstype: Tomannsbolig

Primærrom: 113m²

Antall rom: 5

Visning: 27.05.2013 16:30 - 17:30]

Mer om boligen

2846413
Annonsere i avis og på nett?

Lokale meglere

Visningskalender
Velg visningsdato
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn


Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.