...
Det er lite grunn til å rope hurra for eigedomsskatten for innbyggarane i Naustdal. Foto: Idar Stadheim

Betaler dobbelt så mykje

Naustedølene må ut med 3800 kroner meir i eigedomsskatt enn landssnittet på 2700 kroner.

Iris Engen Skadal E-post
Publisert 22.06.2012 kl 17:06 Oppdatert 22.06.2012 kl 17:54

Tips ein venn på e-post:


Egenannonse



Naustdal har nådd taket for kva ein norsk kommune har lov til å krevje i eigedomsskatt. No må naustedølene betale sju promille av verdien på sine bustadar, som utgjer seks millionar kroner i årleg inntekt til kommunen. Det skriv Dine Penger.

Dobbelt så dyrt

Gjennomsnittleg pris for ein sentrumsnær bustad på 120 kvadratmeter ligg rett under 2700 kroner. Ein naustedøl betalar her 6500 kroner i snitt - ei god dobling av landssnittet på 5,9 promille. Dette viser tal frå Statistisk Sentralbyrå si siste oversikt over eigedomsskatt i Norge.

- Må sjå totalbiletet

- Vi ligg høgt når det kjem til eigedomsskatt, men det er viktig å sjå rekneskapet i ein større samanheng. Mellom anna kan moderate bustadprisar og generelle bukostnadar vege litt opp for desse utgiftene, seier rådmann Øyvind Bang Olsen. Han understrekar at skattleggjinga er produkt av eit politisk vedtak, som vert vurdert kvart år.

- Kutt vil få konsekvensar

- Å senke eigedomsskatten vil naturleg få konsekvensar for andre sektorar som eldreomsorg, skule og barnehage, legg rådmannen til.

Han minner om at kommunen har gitt eit fem års fritak frå denne skatten til nyetablerarar.

Totalt er det no 316 kommunar som krev inn eigedomsskatt på landsbasis. Dette gir rundt 7,6 milliarder kroner i inntekter, som utgjer omlag 2,4 prosent av kommunane sine totale driftsutgifter.

Eiendom til salgs og leie lokalt

Velg kategori

Velg område

De nyeste annonsene

Annonsere? Bestill annonse her

Nyeste bolig

Einebustad med fin beliggenheit på "gamlefeltet...

2848760

Bustaden går over 2 plan og fordelar seg slik: U.etg: Opphaldsrom, gangareal og 2 boder. 1.etg: Stove, kjøkken, 3 soverom...

Prisantydning: 2.850.000,-

Område: Sogndal

Eiendomstype: Enebolig

Primærrom: 158m²

Antall rom: 5

Visning: 28.05.2013 18:00 - 19:00]

Mer om boligen

2848760
Annonsere i avis og på nett?

Lokale meglere

Visningskalender
Velg visningsdato
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn


Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.