...
I 2010 kjøpte Arild Gjervik Demmahuset for å flytte inn i det. No er huset jamna med jorda. Foto: Idar Stadheim

Visste huset hadde småfeil

No er det berre grunnmuren som står att av det som skulle bli den nye bustaden.

Idar Stadheim
Publisert 26.04.2012 kl 16:13 Oppdatert 26.04.2012 kl 19:45

Tips ein venn på e-post:


Egenannonse


...
Då Gjervik også måtte skifte taket, kom det eit forferdeleg regnvêr og vatnet fossa inn i huset. Foto: Privat
...
I påska stod delar av Demmahuset framleis. No er alt treverket jamna med jorda. Foto: Privat
...
Dette var synet som møtte Gjervik under kjøkkengolvet i Demmahuset. Store ròteskadar og nedfallen isolasjon på fleire stader var starten på fleire overraskingar i huset. Foto: Privat
...
Foto: Privat

Då Arild Gjervik kjøpte «Demmahuset» i Stongfjorden i 2010, tok han sikte på å bli gammal i den gamle damvaktarbustaden frå 1908.

No er det berre småpinnar, gamle kvitevarer og sjølve grunnmuren som står att av det som skulle bli den nye bustaden hans.

Då Gjervik bestemte seg for å kjøpe det lokalhistoriske bygget, visste han at bygget hadde nokre småfeil som måtte utbetrast.

Skulle sjekke isolasjon
Kor mykje ekstra trøbbel som skulle følgje med på huskjøpet, hadde han inga aning om.

- Eg skulle sjekke isolasjonen under kjøkkengolvet, fordi gangen, badet og kjøkkenet var einaste romma utan kjellar, seier Gjervik.

Han fann då raskt ut at huset ikkje var så oppussa som det var gitt inntrykk av av seljar.

- Halve isolasjonen låg losna på bakken, alle bjelkar var ròtne, og det var ingenting som heldt det oppe, seier Gjervik, som oppdaga at det som var kalla oppussing, i røynda berre var å skjule ròteskadane.

Vidare fann han også ut at golvet og veggene måtte rivast, fordi tilstanden var like galen der.

- Men eg var framleis innstilt på at dette skulle gå greitt, seier han.

Mista heilt motet
Neste steg var å sjekke taket, og fagmannen Gjervik leigde inn, avdekte då raskt at også her måtte det utskiftingar til.

Men det stoppa ikkje der, for mens delar av taket var fjerna, kom eit forferdeleg regnvêr, og vatnet fossa inn i romma som i utgangspunktet var greie.

- Då miste eg heilt motet, seier Gjervik, som då bestemte seg for å rive heile huset.

August 2011 fekk han løyve, men først i tida etter påske er Demmahuset jamna med jorda.

- Han som reiv huset for meg, hadde tenkt å bruke det som ved, men fortalde at det ikkje var brukande. Det var noko av det verste han hadde sett, og han har rive ein del, seier Gjervik.

Han hadde attpåtil ein lang saksgang med seljar i forliksrådet, grunna feila han fann etter kjøpet, og etter mykje om og men, kom partane til slutt til einigheit, noko som dekte ein del av utgiftene hans.

Vil byggje nytt hus
Gjervik legg ikkje skjul på at han har tapt tid og pengar på prosjektet, mest grunna at forsikringsselskapet var lite villig til å kompensere han for tapa.

- Det grunngav dei med at eg ikkje hadde toppforsikring, noko som er ironisk, for det ville dei ikkje gi meg i utgangspunktet, seier Gjervik.

Heilt sidan han flytta ut frå sin tidlegare bustad i Stongfjorden, i september 2011, har han budd i ei tidlegare turisthytte.

Får han velvilje hjå banken, vil han setje opp nytt hus på nøyaktig same stad.

Eiendom til salgs og leie lokalt

Velg kategori

Velg område

De nyeste annonsene

Annonsere? Bestill annonse her

Nyeste bolig

Einebustad med fin beliggenheit på "gamlefeltet...

2848760

Bustaden går over 2 plan og fordelar seg slik: U.etg: Opphaldsrom, gangareal og 2 boder. 1.etg: Stove, kjøkken, 3 soverom...

Prisantydning: 2.850.000,-

Område: Sogndal

Eiendomstype: Enebolig

Primærrom: 158m²

Antall rom: 5

Visning: 28.05.2013 18:00 - 19:00]

Mer om boligen

2848760
Annonsere i avis og på nett?

Lokale meglere

Visningskalender
Velg visningsdato
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn


Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.