Høgre skrinlegg ambisjonen om senke eigedomsskatten i Førde til nivået den hadde før. - I den situasjonen kommunen no står i, vil det råke tenestene for hardt, seier Eva Marie Halvorsen.
- Vi må vere ærlege og vedgå at vi ikkje klarar å gå tilbake til det gamle skattenivået, seier Høgre-gruppeleiaren, etter torsdagens debatt i bystyret om fjorårsrekneskapen og dei dystrare økonomiske utsiktene Førde står overfor.
Der varsla rådmannen at det for første gong på fem år ser ut til å gå mot underskot.
Ikkje realistisk
- Det har vore Høgres mål å skru eigedomsskatten ned att med fem mill kr. Men
i dag vi ser ikkje dette som realistisk. Vi kan ikkje rasere
tenestetilbodet. Det vi no må bruke energien på, er å hindre at
eigedomsskatten aukar meir enn han har gjort. Dette er ikkje minst viktig,
når vi ser kor høgt avgiftsnivå Førde har samanlikna med
landsgjennomsnittet, seier ho.
-Trur du bystyrefleirtalet vil skru skattenivået i vêret, når det blir
problem med å få budsjettet i hop?
- Freistinga vil nok vere stor, seier Halvorsen.
Folk vil betale
Høgre-gruppeleiaren strekar under at partiet ikkje firar på si prinsipielle
motstand mot eigedomsskatten som skatteform.
-Men det verkar som folk i dag har så god privatøkonomi at dei også er
villige til å betale for å ha godt vatn, rein fjord og gode offentlege
tenester, seier Halvorsen.
Ho meiner dette gjekk tydeleg fram av valresultatet i fjor haust.
-Valet viste at eigedomsskatten ikkje var det som opptok folk mest av alt.
Framstegspartiet vart ståande på staden kvil, og vår motstand mot auka
eigedomsskatt slo ikkje ut i valresultatet i det heile, seier ho.
Tonar ned
Eva Marie Halvorsen verkar lite lysten på nye kampar om eigedomsskatten.
- Det blir eit spørsmål kor mykje energi vi skal bruke på den saka. Men
haldningane våre er uendra. Eigedomsskatten er vi grunnleggjande imot, seier
Eva Marie Halvorsen.
Bustaden inneheld to etasjer: Hovedetasjen: Gang, bad, to soverom, stove og kjøkken. Trapp ned til ein gang, bod og...
Bustaden er over to plan og inneheld i underetasjen: Vindfang, tre soverom, bad, bod, vaskerom og gong med trappero...
Rekkjehusvære på 2 plan som inneheld: Plan 1: vindfang, gang, vaskerom, 2 soverom ( 1 med utgang til terrasse og ha...
Bustaden inneheld to etasjer: Hovedetasjen: Gang, bad, to soverom, stove og kjøkken. Trapp ned til ein gang, bod og vaske...
Prisantydning: 2.300.000,-
Område: Hornindal
Eiendomstype: Enebolig
Primærrom: 135m²
Antall rom: 5