Dyrare bustader i 2017

Av

Eigedom: Bustadprisane auka med 12 prosent i fjor. På grunn av den låge renta tyder det meste på at norske bustader stig nesten like mykje i verdi i år.

DYRARE OVER HEILE LANDET: Eit norsk gjennomsnittshus kostar i dag 38.699 kroner per kvadratmeter. Det er 35,6 prosent meir enn for fem år sidan.

DYRARE OVER HEILE LANDET: Eit norsk gjennomsnittshus kostar i dag 38.699 kroner per kvadratmeter. Det er 35,6 prosent meir enn for fem år sidan. (Foto: )

DEL

I 2016 steig bustadprisane meir enn dei fleste spådde. Eiendom Norge, ei bransjeforeining for dei aller fleste norske eigedomsføretaka, meinte i desember 2015 at bustadprisane ville auke med 3–5 prosent i 2016.

Det blei ein god del meir – om lag 12 prosent.

– Den rekordlåge renta og sterk etterspørsel i bustadmarknaden har ført til at fleire er villige til å betale meir for bustaden dei ønskjer å kjøpe. Vi trur dette vil vare ved i 2017, og at det framleis blir sterk prisvekst, særleg i første del av året. Deretter vil det flate ut noko. Prognosen vår for 2017 er ein auke på mellom 9 og 11 prosent i bustadprisane på landsbasis. Då legg vi til grunn at rentenivået held seg stabilt lågt, seier Christian Vammervold Dreyer, administrerande direktør i Eiendom Norge.

Bekymra, men ...

Alt tyder på at bustadrentene held seg låge. Noregs Bank sette ned styringsrenta til rekordlåge 0,5 prosent i mars 2016. Deretter har den vore uendra.

Ifølgje Norges Banks eigne berekningar er det mest sannsynleg at styringsrenta ikkje blir endra i 2017. Viss det likevel blir endring, meiner den norske sentralbanken det er litt meir sannsynleg at den blir sett endå lenger ned enn at den blir justert opp, ifølgje ein rapport banken la fram på tampen av fjoråret.

I rapporten heiter det blant anna at styringsrenta sannsynlegvis vil halde seg nær 0,5 prosent dei neste åra. Det trass i at Noregs Bank er bekymra for veksten i bustadprisar og gjelda til hushalda:

Slik er skilnadane i kvadratmeterprisen

Fylke, kvadratmeterpris november 2016, auke siste fem år:

Østfold, 25.624 kroner, 36,7 prosent.

Akershus, 41.660 kroner, 41,5 prosent.

Oslo, 68.515 kroner, 56,3 prosent.

Hedmark, 20.911 kroner, 35 prosent.

Oppland, 22.847 kroner, 33,6 prosent.

Buskerud, 29.772 kroner, 41,4 prosent.

Vestfold, 26.890 kroner, 30,5 prosent.

Telemark, 19.749 kroner, 20,8 prosent.

Aust-Agder: 21.407 kroner, 7,9 prosent.

Vest-Agder, 26.304 kroner, 8,4 prosent.

Rogaland, 30.579 kroner, 4,4 prosent.

Hordaland, 37.000 kroner, 28,8 prosent.

Sogn og Fjordane, 23.760 kroner, 26,7 prosent.

Møre og Romsdal, 23.939 kroner, 21 prosent.

Sør-Trøndelag, 38.467 kroner, 36,4 prosent.

Nord-Trøndelag, 20.301 kroner, 25 prosent.

Nordland, 25.211 kroner, 32,9 prosent.

Troms, 36.908 kroner, 50,7 prosent.

Finnmark, 23.564 kroner, 19,3 prosent.

Kjelde: Eiendom Norge

«Ei lågare styringsrente aukar risikoen for at veksten i bustadprisane og gjelda skyt ytterlegare fart», skreiv Noregs Bank i desember.

Erik Bruce, sjefanalytikar i Nordea, meiner dette ikkje veg opp for grunnane til å halde renta låg.

– Spådommen vår er at styringsrenta held seg på 0,5 prosent i år. Det vil i så fall virke inn på bustadprisane. Vi trur på ein prisauke på rundt 10 prosent, heile landet sett under eitt, seier han.

Har råd til det

Bruce peikar på at låg styringsrente held den norske kronekursen låg. Det er bra for mange norske bedrifter – og arbeidsplassar. Arbeidsløysa i Noreg er høgare enn den har vore på mange år, og Bruce meiner det er viktigare at det går bra med norsk næringsliv enn at bustadprisveksten blir dempa.

– Det er betring i norsk økonomi, og vi trur arbeidsløysetala stabiliserer seg eller fell litt i år. Begge delar påverkar bustadprisane oppover. Elles er bustadbygginga framleis ikkje stor nok i dei store byane til å møte etterspørselen, noko som også er med på å presse bustadprisane opp. Men det er den låge renta som er den største drivkrafta i bustadmarknaden no, og vi ser ingen teikn til at bankane må auke rentene på bustadlån i 2017, seier han.

Utlånsrentene for bustadlån hos dei billigaste bankane er på mellom 2 og 2,5 prosent. Sjølv om kjøpekrafta hos nordmenn gjekk litt ned i 2016, strekar Bruce under at det er billigare å betene bustadlån i dag enn det var for eit par år sidan.

– Kostnadene ved å betene eit bustadlån, med nedbetalingstid over 25 eller 30 år, har gått litt ned sidan 2014, då utlånsrentene var rundt eitt prosentpoeng høgare. Trass i at bustadprisane har auka, ser folk at dei har råd til å by meir for bustaden, fordi renta er så låg. Dei fleste vil bu sentralt i ein litt større bustad enn dei har i dag. Har ein bra økonomi, ein sikker arbeidsplass og grei reiseveg til ein jobb i ein av dei største byane i landet, er det ikkje nokon stor risiko å kjøpe bustad i år heller. Det er stort sannsyn for at ein sentralt plassert bustad vil halde seg godt i verdi, fastslår Bruce.

Oslo trekker opp

Bustadprisane gjekk opp med cirka 12 prosent i 2016, men det er markerte regionale forskjellar. Prisauken er klart høgast i Oslo, med heile 22 prosent. I motsett ende finn vi rogalandsbyane Stavanger og Sandnes, der prisane har falle litt – ikkje uventa, ettersom fylket er hardast råka av nedgangen i oljenæringa.

Eiendom Norge spår at det vil bli noko auka bustadprisar i 2017 også i Rogaland, der bustadprisane no er på same nivå som dei var i 2011. Kvadratmeterprisen er i dag høgare i Tromsø enn i Stavanger.

– Vi trur på ein forsiktig prisauke i Rogaland på mellom 1 og 3 prosent. I Bergen og Trondheim trur vi det blir litt høgare, mellom 4 og 6 prosent. I Oslo-området kjem prisauken til å liggje på 10–12 prosent. Elles i landet blir prisauken meir moderat. Oslo-området trekte landsgjennomsnittet opp i 2016, og kjem også til å gjere det i 2017, seier Christian Vammervold Dreyer.

På eitt eller anna tidspunkt kjem bustadprisveksten til å flate ut, eventuelt falle, men gjennomsnittsprisen på ein norsk bustad har aldri vore høgare enn i dag.

– Ifølgje dei økonomiske teoriane er det ikkje berekraftig over tid at bustadprisane aukar mykje meir enn lønns- og prisveksten. Det kjem til å stoppe ein eller annan gong, men det er lite som tyder på at det blir i år. Renta er låg, arbeidsløysa er låg og det blir bygd for få nye bustader, seier Terje Halvorsen, dagleg leiar i DNB Eiendom og styreleiar i Eiendom Norge.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags