Del dine bilete med motiv frå vinterkulden i biletserie på firda.no.
Kuldeperioden vi er inne i byr på mykje hutring og kalde frustrasjonar, men samstundes gir den kalde vinteren både flotte og artige fotomotiv.
Vi ønskjer å vise fram ein biletserie på firda.no av alt det vinterkulden inneber, frå det vakre og morosame til det frustrerande og utfordrande.
Send oss dine bilete på epost til konkurranse@firda.no, og skriv ein tekst i eposten som seier noko om kva vi ser på bileta og eventuelt kven som er med på bileta.