Brutal behandling

Eg skal vedgå at eg lo då kollegaen small Freelanderen inn i trebrua. Rattet sat på feil side.

Publisert 02.10.2003 kl 10:26 Oppdatert 02.10.2003 kl 12:44

Tips ein venn på e-post:

...
BRUTALT: Slik køyring tåler enn Land Rover, men det spørst kor mange som vil utsetje ein ny bil til over 300.000 kroner for slik behandling. Foto: Halvard Berget

Land Rover Freelander

  • PRISER: Frå cirka 300.000 kroner
  • MOTORAR: 1,8...bensin, 1.796 ccm, 4 sylindrar, 117 hk, 160 Nm v/2.750 2,5 V6...bensin, 2.497 ccm 6 sylindrar, 177 hk, 240 Nm v/4.000 2,0 D...diesel, 1.951 ccm, 4 sylindrar, 112 hk, 260 Nm v/1.750
  • DRIVVERK: 4WD
  • YTING: (0-100 km/t-toppfart) 1,8...11,8 sek-170 km/t 2,5 V6...10,1 sek-182 km/t 2,0 D...13,2 sek-164 km/t
  • FORBRUK: (By/landeveg/blanda-l/mil) 1,8...1,36/0,85/1,04 2,5 V6...1,72/0,97/1,24 2,0 D...1,13/0,71/0,86
  • MÅL: Lengde...444, 9 cm Breidde...180,9 cm Høgde...182,8 cm Akselavstand...255,7 cm
  • VEKT: Eigenvekt...1.427 - 1.650 kg Tilhengarvekt...1.800 kg
  • BAGASJEROM: Baksete oppe...546 liter Nedfelt baksete...1.319 liter
  • DRIVSTOFFTANK: Diesel...59 liter Bensin...64 liter

Det vart med eitt så britisk, eller rettare sagt; uvant vant. Uvant med rattet på høgre side. Likevel «vant», fordi vi brått kom til å tenkje på alle dei filmscenene vi har sett med lordar og aristokratar i grønne jaktklede eller rutete nikkers smyge seg fram i britisk lende og ulende, i sine rullande status - Land Rover. Ein bil som har med den britiske folkesjela og stoltheit å gjere. Som Jaguar, og Rolls-Royce.

Greitt at kollegaen stod til stryk i bruøvinga. For det er snakk om nye Freelander i fritt lende. Der grenser skal tøyast og teknikk prøvast; hard terrengkøyring i lovlege former. Over stokk og stein, for å seie det mildt. Med kalkulert risiko for ei og anna ripe i lakken.

LAND ROVER kan meir enn andre å lage firehjulstrekkarar for terreng. Terrengkøyring, eller off road, er som kjent forbode i Norge, med mindre det blir gjeve spesielt løyve. Difor kunne vi kanskje la det bli med det. Men så var det hytta, da, og den vanskelege innkøyringa opp til huset. Og dårlege skogsbilvegar under jakta. I dette landet med så mykje trøblete føre, og for små løyvingar på vegbudsjettet¿.

ØVING: Over stokk og stein med nye Land Rover Freelander. Fronten er ny med lykter som minner om dei på storebror Range Rover. Berre for å nemne noko av Freelanders styrke i terreng og på utfordrande vegar, så har den «Hill Descent Control». Under køyring i bratte nedoverbakkar trykkjer du berre på ein knapp, så er det berre å gløyme bremsepedalen. Systemet bremsar hjula individuelt, noko som gjer at heile nedfarten går pent, pynteleg og stabilt for seg. Medan nokon av konkurrentane har firehjulsdrift som berre trer i funksjon i «nødsfall», har Land Rover Freelander permanent trekk på alle fire hjul.

ENGELSKE, FORD-EIGDE Land Rover sprer ikkje om seg med nye modellar i tid og utide. Og kjem det noko nytt, så ser du med eitt at førre modell har stått modell for den nye. Ein opphøgd konservatisme. Utgåande modell av Freelander har vore på marknaden i seks år, og det er lang tid i bilverda. Freelander er Land Rovers mest selde bilmodell. I Norge er konkurrentane bilar som Toyota RAV4, Nissan X-Trail, Honda CR-V og Subaru Forester, for å ta dei mest kjende. I salstal har Freelander her i landet så langt måtte sjå seg slått av desse konkurrentane. Men den stiller i første rekkje når det gjeld å komme seg fram. Apropos sal, sett Europa under eitt var Freelander den mest kjøpte bilen i sin klasse i åra 1998-2001. I fjor gjekk Toyota RAV4 forbi.

ANSIKTSLØFTINGA på Freelander har gjort godt. Den har fått eit røffare utsjåande der fronten er blitt meir lik flaggskipet Range Rover. Også bakparten er endra, blant anna med høgare plassering av lyktene. Praktisk eller ikkje; lakkerte støytfangarar gir eit meir elegant preg. Interiøret er også fornya og blitt meir tidsriktig. Pluss for skinnratt som er svært godt å halde i.

Største nyheit er at Freelander i haust også kjem i ein Sport-versjon. Modellen har større hjul og stivare fjører og demping. Sport har betre eigenskapar på asfaltvegar enn den «vanlege» utgåva, men taper i terreng og på dårleg veg fordi den har lågare bakkeklaring. Freelander kjem med tre og fem dører, og blir framleis å få kjøpt som Open Air, der deler av taket kan takast av. I kombinasjon med den minste 1,8 liters motor, er også denne modellen billegaste utgåve med ein pris på i underkant av 300.000 kroner.

FREELANDER har tre motoralternativ (sjå fakta). Vi likar best 2,0 diesel med automatgir. Det er ein fin kombinasjon med bra trekkraft, og vi føler giringa er godt tilpassa den 112 hestar sterke motoren, som har eit dreiemoment på 260 newtonmeter ved 1.750 omdreiingar.

Vi fekk oss ei lita overrasking av nye Freelander. For det første var det ei overrasking då vi punkterte. Då vi omsider fekk av bakhjulet, oppdaga vi at bilen har trommelbremsar på bakhjula. Vi tok det for sjølvsagt at her var skiver.

Elektronisk stabilitetsprogram (ESP) er det heller ikkje. Noko vil sikkert grine på nasen av at engelskmannen berre har manuelt klimaanlegg.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.